Nils Forren tek over som leiar i Senterungdommen

Forren vann valet på landsmøtet, trass i at han var innstilt av eit mindretal i valkomiteen.

Åshild Slåen
Publisert

I helga hadde Senterungdommen landsmøte, der Nils Forren (23) vart valt inn som ny leiar i ungdomspartiet.

Forren er frå Trøndelag og har vore politisk nestleiar i partiet i året som gjekk. Eit fleirtal av valkomiteen innstilte Erik Lillebakken som leiar, som har vore organisatorisk nestleiar, medan eit mindretal av komiteen innstilte Forren.

– Forren har vist seg å vere ein sterk kandidat med stor politisk teft og formidlingsevne som også trygt vil kunne leie Senterungdommen, skreiv komiteen i innstillinga si.

Han tek over leiarvervet etter Andrine Hansen-Seppola, som har vore leiar for Senterungdommen i to år no.

– Det å bli valt som leiar av Senterungdommen, er sjukt stas! No gler eg meg til å ta fatt på valkampen og jobbe for at folk skal leve gode liv i heile Noreg, seier Forren til Altinget.

Den nye leiaren vann med 92 røyster mot 61.