Norske Simen (24) sender tekstmeldingar for Kamala Harris

Sidan 2020 har Simen Bondevik vore frivillig i valkampanjar i USA heime frå sofaen sin.

Åshild Slåen
Publisert

Denne saka er ein del av prosjektet «Konstruktivt perspektiv», som er støtta av Fritt Ord.

– Amerikanarane eg jobbar med er rett og slett berre takksame. Folk seier liksom; «Tusen takk for at du er med på å redde USA.»

Det seier Simen Bondevik når Framtida møter han heime, før det amerikanske valet.

Du har kanskje sett Simen Bondevik på stand for Partiet Sentrum eller lese meiningsinnlegga hans her på Framtida. Til dagleg jobbar han som politisk rådgjevar for Partiet Sentrum i Oslo kommune.

Kveldane brukar han på å sende SMSar til amerikanarar på vegner av Kamala Harris.

USA er ei anna politisk verd

Bondevik har vore politisk engasjert sidan han var 13 år, men var ikkje særleg interessert i det amerikanske valet før 2016, då Trump vann. Etter han hadde høyrt norsk media spå siger til Hillary Clinton, vakna han opp til det han først trudde var ein spøk.

Så gjekk det opp for han kva som hadde skjedd.

– Då skjønte eg at det her er ei heil verd eg ikkje forstår.

Interessa blomstra vidare i 2019, då han såg Netflix-dokumentaren «Knock down the House», som følgjer unge kvinner, blant anna Alexandria Ocasio-Cortez, som utfordrar etablerte demokratiske kandidatar, og blir valt inn i den amerikanske Kongressen.

Bondevik likar politikarar som går mot straumen, og som prøver å gjere det rette, ikkje berre det som er smart.

Simen Bondevik bur på Bislett med kona og hunden sin. | Foto: Åshild Slåen

I 2020 sat i Noreg og såg på kvar einaste lanseringstale som dei forskjellige demokratiske kandidatane hadde. Det var mange, med tre-fire timars arrangement.

– Då eg såg på alle var det Warren som skilte seg ut i særklasse på måten ho snakka og det ho gjorde.

Elizabeth Warren, ein tidlegare jusprofessor som hadde gått over i politikken, låg så langt til venstre i det demokratiske partiet som ein presidentkandidat kunne vere, utan å vere Bernie Sanders. Bondevik meinte ho ville vere ein god leiar for USA, og ville hjelpe til for at det skulle skje.

– Så då sende eg ein e-post til kampanjen hennar, og tenkte: det får eg aldri svar på.

Der tok han feil.

Politikk frå morgon til kveld

Bondevik fekk ein lang e-post tilbake frå ein frivillig-koordinator, som var glad for all hjelpa dei kunne få, uansett om han budde i USA eller i Noreg. Han fekk ein times opplæring over Zoom i korleis å bruke eit tekstmeldingsprogram, og manuset dei hadde til forskjellige svar frå dei som vart kontakta.

Så sette han i gang å overtyde demokratar til å stemme på Elizabeth Warren i primærvalet.

– Du hadde jo mange jern i elden, og vart partileiar i Unge Sentrum same år. Korleis hadde du tid?

– Korona, er det korte svaret på det.

Bondevik påpeiker også at han er ein person der politikk er altoppslukande. Han kunne kome heim frå møter i partiet og gå rett til tekstinga på kvelden.

– Politikk er noko eg tenkjer på å halde på med frå morgon til kveld. Bortsett frå å vere med venar og familie, så er det det det går i.

Vart frivillig-leiar i Arizona

Leilegheita til Bondevik har fleire spor frå 2020-kampanjen.

Elizabeth Warren er klistra på kjøleskåpet, han viser fram ein kaffikopp med slagordet «Billionaire tears» og ei T-skjorte med «Warren has a plan for that».

Noko har han fått som frivillig, andre ting har han kjøpt. Sist men ikkje minst er det eit kort frå kona Guro Helene med ei teikning av Elizabeth Warren og ektemannen Bruce H. Mann og orda «You’re the Bruce to my Liz».

Likevel, med mindre du budde under stein i 2020, fekk du med deg at Elizabeth Warren ikkje enda opp som den demokratiske presidentkandidaten. Den æra gjekk til Joe Biden.

Det tydde ikkje slutten for kampanjefrivillige Simen. Han hadde fått gode resultat frå sms-kampanjane, der han klarte å overtyde fleire til å stemme på Warren. Difor fekk han tilbodet om å vere frivillig-leiar i demokratane sin kampanje «Mission for Arizona», der han blant anna las over manus og fordelte kven som skulle sende kva meldingar.

– Det brukte eg veldig mykje tid på. Då er det liksom ein vaktplan ein skriv seg opp på, og då var vi fem-seks stykk som var frivillig-leiarar saman.

Dei har framleis ein felleschat på Instagram, og når det skjer ting i presidentvalet kan han vere sikker på at diskusjonane startar opp der.

Og kven veit? I 2020 vann både Joe Biden og den demokratiske senatoren Mark Kelly valet i vippestaten Arizona. Ein liten del av den æra går kanskje til Simen Bondevik.

Vil ha Harris over Trump

Sidan då har han vore frivillig fleire gongar, blant anna for Ilhan Omar og Working Families Party, ei fløy i det demokratiske partiet. I år trør han til for Kamala Harris, og har sendt SMSar sidan 5. oktober. Først ved å oppmode folk til å vere frivillige og donere, men dei siste dagane går til det han synest er det artigaste: å overtyde veljarar til å stemme på ho.

Samstundes er Harris ein kandidat han har blanda kjensler for.

– Eg trur eg kunne lista opp 20 demokratiske kandidatar som hadde vore betre presidentkandidatar i 2024 enn Harris, men ho er openbert kvalifisert. Ho har openbert ein politikk som er milevis betre enn Trump sin.

Likevel brukar han mindre tid på det i år enn han gjorde i 2020. Utan korona-nedstenging har han ikkje like mykje tid. Ein annan grunn er Kamala Harris sin Palestina-politikk.

– Personleg synest eg Harris er veldig svak på Palestina, og når det er ei av mine hjartesaker så er det vanskeleg å gå all-in. Men sjølvsagt er Harris mykje betre enn Trump, også i Palestina-spørsmål.

Kjempar for demokratiske verdiar

Til sjuande og sist er det sakene som gjer at Bondevik engasjerer seg, ikkje kandidatane. Klima, korleis ein pratar om minoritetar, abortpolitikk, og tilgangen på helsetenester.

Helsepolitikk var det som først gjorde at han engasjerte seg hjå Warren.

– Eg er jo sjølv kronisk sjuk og har nedsett funksjonsemne, og eg vart fødd tre månader for tidleg då mamma og pappa var studentar. Hadde eg blitt fødd i USA hadde dei aldri hatt råd til at eg skulle reddast då eg var liten.

På toppen av lista er det likevel ei sak som er viktigare enn alle andre: å ta vare på demokratiet

– Eg håpar av heile mitt hjarte at Harris blir USA sin neste president, viss ikkje så trur eg det vil få store konsekvensar for det amerikanske demokratiet.

Det er også ein liten personleg bonus i arbeidet han gjer:

– Eg synest det er litt morosamt å tenke på gutta-gutta i kommentarfeltet på TikTok som skriv «Stem Trump» og surmular. Dei kan gjere det, som ikkje har nokon ting å seie for korleis valet i USA går, så kan eg bruke tid på å sende meldingar til amerikanske veljarar og prøve å få dei til å velje Harris som president. Det påverkar jo faktisk valet.