Carlsen med ny satsing på sjakkapp

Magnus Carlsen har saman med fleire aktørar utvikla sjakkappen «Take Take Take».

NPK-NTB
Publisert

Nyheita vart sleppt fredag morgon i sosiale medium.

VG skriv at Carlsen er den klart største eigaren i den nye satsinga, men at fleire store namn er med. Det dreier seg om rikingar som Peter Thiel, Jack Brody, Yuri Milner og Jim Breyer.

Oda-gründer Mats André Kristiansen er henta inn som dagleg leiar.

– Dette er veldig moro å jobbe med, mellom anna fordi Magnus sjølv er så dedikert, seier Kristiansen til VG.

Carlsen selde for to år sidan selskapet Play Magnus Group til chess.com, der han framleis er medeigar. Espen Agdestein, som var med på å starte Play Magnus, er styreleiar i den nye appen «Take Take Take».

Agdestein opplyser at ei eventuell børsnotering ikkje er på bordet enno.