Held på 2018 for Hordfast
Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen held fast på oppstart for Hordfast i 2018. – Utruleg positivt, seier Liv Kari Eskeland (H).
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Deler av arbeidsutvalet som jobbar med ferjefri E39, var onsdag i Oslo hos samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) for å leggja fram sine forventningar og føringar for framdrift av prosjektet.
– Me har vore bekymra for kor tid det kan bli oppstart. Ministeren har sagt 2018, men Statens vegvesen har sagt 2020. Men på møtet gav statsråden saman med Vegdirektoratet og Statens vegvesen tydeleg signal om at dei er i gang med ein prosess som vil forkorta planleggingsperioden for kryssinga av Bjørnefjorden, seier Eskeland.
Kuttar kommuneplan
Ho fortel at for å framskunda byggjestart vil ein kutta kommunedelplan-nivået.
– Dette betyr at bygginga av brua over Bjørnefjorden etter all sannsyn kan setjast i gang i 2018. Svært gode nyhende for oss! Det er svært viktig å halda oppe tempo i planarbeidet, dette handler om prioriteringar og rekkjefølgje for prosjekta, og med desse signala, er me komme eit stort steg vidare i realiseringa av vår ferjefrie kyststamveg, seier Eskeland.
Open prosess
Utan kommunedelplan-nivå vil kommunane berre vera høyringsinstans.
– Det er uhyre viktig at Statens vegvesen no køyrer opne prosessar og får i gang folkemøte og informasjonsmøte, seier Eskeland.
Ho seier at første milepåle er å få på plass planprogrammet.
– Dette skal vera ferdig i mars og leggjast ut på høyring. Her vil det truleg vera tre kryssingsalternativ, seier Eskeland.
Neste steg på vegen er ein konsekvensutgreiing der ein greier ut alternativa, før Statens vegvesen kjem med ei innstilling som skal ut på ny høyring, seier Eskeland.