Dagsturhytte fekk same namn som Hitlers feriestad

Sauda kommune gav ei ny dagsturhytte namnet «Ørneredet», men koplinga til Adolf Hitlers sommarstad fall ikkje i god jord. No får hytta nytt namn.

NPK-NTB
Publisert

– Eg har sjølv besøkt Ørneredet til Hitler som turist for mange år sidan. For meg blir valet heilt feil. Eg set jo spørsmålsteikn ved om det kjem av manglande historiekunnskapar, seier leiar Aslaug Astad i Sauda sogelag til Dagbladets Børsen.

For kommunen skulle det vere ei hyggeleg nyheit om den nye dagsturhytta, men namnet førte i staden til ein heftig debatt i lokalsamfunnet. Namnet «Ørneredet» vart møtt med store protestar, skriv avisa.

Endrar namn

– Vi har valt å lytte til folket og har starta arbeidet med å endre namnet, seier leiar Christer Klementsen for dagsturhytteprosjektet i kommunen til lokalavisa Ryfylke ifølgje Haugesunds Avis.

«Ørneredet» ligg idyllisk til på Giljafjell ved sida av Rødstjødna og Sauda golfbane i Saudasjøen, fortel Rogaland fylkeskommune på nettsidene sine.

Kehlsteinhaus, kjent som Ørneredet, var Adolf Hitlers sommarstad og representasjonsbustad i Berchtesgaden i Sør-Tyskland. Det ligg 1834 meter over havet.

Namnet er også kjent gjennom den norske tittelen på Alistair Macleans bok «Where Eagles Dare» og filmen med same namn, på norsk «Ørneredet» i 1968.

– Historielaust

– Å kalle hytta for «Ørneredet» er uforståeleg og heilt historielaust. (…) Ørneredet er eit så belastande ord og gir så vonde assosiasjonar at det ikkje bør brukast på ei hytte i Sauda, skriv Aslaug Astad i eit lesarbrev saman med Margoth Saundsbø frå Sauda Mållag.

No skal kommunen lyse ut forslag til nytt hyttenamn i lokalavisa før saka blir følgd opp politisk. I mellomtida må kommunen skifte ut 15 skilt og oppdatere alt av profileringsmateriell.