Forfattarar frå det afrikanske kontinentet får mindre merksemd enn dei fortener. Her er ni bøker for deg som vil utvida horisonten litterært.

Magnus Rotevatn
Publisert

Abdulrazak Gurnah:Ved sjøen

Ved sjøen er ei av mine absolutte favorittbøker. Ho er kanskje ikkje blant nobelpris-vinnar Abdulrazak Gurnah sine mest kjende verk, men dette er Gurnah på sitt beste.

Ved sjøen er framfor alt eit vanvitig godt psykologisk portrett. Romanen handlar om ein mann som har flykta frå Zanzibar til England. Han stablar eitt nytt liv på beina i eit framand land, forelskar seg og får ei dotter.

Men familien heime får aldri veta noko om dette. Og dimed har hovudpersonen vår to liv som han ikkje får til å hengja saman.

Boka har også ein vakker tidskoloritt og heilt nydelege skildringar av verdas flottaste by – London.

Tsitsi Dangarembga: Nervøse tilstander

Tsitsi Dangarembga sine bøker er romankunst på høgaste nivå. Nett no blir trilologien som utgjer kjernen i forfattarskapen hennar gjeve ut på norsk. Nervøse tilstander er fyrste bok. Og ho er eit feministisk og anti-kolonialt meisterverk.

Nervøse tilstander er ei medrivande oppvekstskildring. Me blir kjende med jenta Tambudzai. Meir enn noko anna ynskjer ho å få gå på skulen. Men familien hennar manglar pengar – og ho er jo jente, så kvifor gje ho ei utdanning?

Boka opnar med den ikoniske setninga «Jeg var ikke lei meg da broren min døde». Det er nemleg broren sin død som skal gje ho ein utveg frå den verste fattigdommen.

Dette er starten på ei forteljing om (u)rettferd, rasisme og venskap rett før det koloniale styret bristar i Sør-Rhodesia (no Zimbabwe).

 

Zera-Yaqob og Welde-Hiywet: Filosofiske tanker

Det er eigentleg eit lite mirakel at denne boka finst på norsk. I fleire århundre var dette ein gløymd skatt.

Den etiopiske filosofien Zera-Yaqob og hans disippel Welde-Hiywet levde på 1600-talet. Særleg Zera-Yaqob tenkte tankar som var så klåre og framtidsretta at dei tidvis set deira samtidige europeiske motpartar i skamme.

Dette er djupt fascinerande.

Om du ikkje orkar å lesa alt saman, tilrår eg dette utdraget hjå salongen.

Achille Mbembe: Nekropolitikk og andre essays

Achille Mbembe høyrer til dei viktigaste politiske tenkjarane i samtida. Og denne vesle, men kraftfulle boka, inneheld nokre verdifulle nyklar til å forstå verdspolitikken.

Aller viktigast introduserer Mbembe omgrepet nekropolitikk – altså ein teori som seier at politikk rett og slett handlar om kven som skal leva og døy.

Dette er eit tørt og ganske kronglete stykke akademisk tekst, men kjem du deg igjennom så får du ei betre verktøy-kasse til å forstå dei store politiske spørsmåla. Enten det dreier seg om Palestina eller klassekamp.

Leila Abolela: Coloured Lights

Sudansk-skotske Leila Abolela har skrive mykje bra. Dessverre er ingen av bøkene hennar omsette til norsk. Om ein likevel vil gje seg i kast med forfattarskapen til Abolela er novellesamlinga Coloured Lights ein god plass å byrja.

Forfattaren Ben Okri har sagt at ei av tekstane i boka – den prisvinnande novella The Museum – er «lågmælt sint». Tenk å få til noko så vakkert!

Ikkje minst er novellene til Abolela sterk lesnad fordi nokre av dei viser korleis Khartoum kunne vore fylt av liv – om det ikkje var for den pågåande krigen.

Chimamanda Ngozi Adichie: En halv gul sol

Dette er ein utruleg god roman. Handlinga foregår i Nigeria under Biafrakrigen på slutten av 60-åra.

Boka har tre forteljarar: tenarguten Ugwu, den vakre kvinna Olanna og den engelske skribenten Richard. Liva deira viklar seg saman til ei mektig forteljing.

I tilleg til å innehalda fleire nydeleg karakterskildringar, er En halv gul sol eit soild og fascinerande samfunnsportrett.

Det er ein komplisert historie Adichie skal halda styr på – men ho gjer det med stålkontrol. Dette er ein bok du kan sluka.

 

C.L.R. James: The Black Jacobins

Det finst sikkert nokre kverulantar som vil protestera på at The Black Jacobins høyrer heime her. Men viss ein skal skriva soga om den pan-afrikanske rørsla og svart frigjeringskamp, kjem ein ikkje utanom korkje historikaren C.L.R. James eller Haiti.

The Black Jacobins handlar om den haitiske revolusjonen. Hugsar du ikkje den? Me tek ei kjapp oppsummering:

På omtrent same tid tid som den franske og amerikanske revolusjonen, var det også revolusjon på Haiti (eller Saint Domingue, som var namnet då). Slavane gjorde opprør, kasta kolonialistane ut og erklærte Haiti som ei sjølvstendig nasjon. Plutseleg var ikkje kvitt overherredøme så sjølvsagt lenger.

Revolusjonen på Haiti var minst like viktig – om ikkje meir – som dei i Frankrike og USA. Likevel får hendingane på Haiti langt mindre merksemd – det er jo forståeleg, mange har nok tenkt at det ville vore trasig om andre slavar og koloniserte folk blei inspirerte.

C.L.R. James si bok er nok det viktigaste bidraget til å få den haitiske revolusjonen opp i ljoset igjen. Teksten er godt skrive – rett og slett spennande lesnad.

Bonustips: C.L.R. James skreiv òg eit teaterstykke om revolusjonen på Haiti. I fjor blei det gjeve ut ein teikneserieversjon av teaterstykket. Tittelen er er Toussaint Louverture: The Story of the Only Successful Slave Revolt in History.

 

Frantz Fanon: Peau noire, masques blancs

Endå ein mann som eigentleg er frå Karibien har snike seg inn på lista. Men vel så mykje som fødelandet Martinique, er Frantz Fanon sitt namn knytt til Algerie og kampen for sjølvstende frå Frankrike.

I boka Peau noire, masques blancs leverer Fanon sylskarpe analysar av rasisme og kolonial undertrykking. Forfattarskapen til Fanon er dessverre like aktuell no som då.

Alle oss som ikkje kan fransk, kan lesa boka på engelsk under tittelen Black Skin, White Masks.

Forlagsbransjen i Noreg bør skamma seg djupt over at denne boka ikkje finst i norsk omsetjing. Fanon sin andre klassikar, Jordens fordømte, bør også koma i ei ny utgåve veldig snart.

Ngũgĩ wa Thiong’o: Mũrogi wa Kagogo

Eg synest forfattarskapen til Ngũgĩ wa Thiong’o er ganske ujamn. Noko er utruleg keisamt, medan andre tekstar er heilt makelause. Med andre ord, så bør ein vera varsam med kva av Ngũgĩ sine bøker ein byrjar med.

Denne boka er eit trygt val! Romanen blandar hardtslåande politisk satire med fabelprosa – finst det noko betre?

Ngũgĩ har tatt eit tydeleg standpunkt når det gjeld bruken av koloniale språk. Han vel difor å skriva på sitt eige morsmål gikuyu.

Sjølv om Framtida-lesarane kanskje er over snittet språk-interesserte, er nok flesteparten i dette dømet avhengige av ei omsetjing. Mũrogi wa Kagogo finst ikkje på norsk, men den engelske tittelen er Wizard of the Crow.


Foto: Priscilla Du Preez/ Unsplash. Kollasj: Framtida.no