Kva er ein filmkritikk og korleis skriv du han eigentleg, utan at han blir kjedeleg og utydeleg? Lær å skriva ei interessant og engasjerande filmmelding!

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

Denne teksta er ein del av meldarsatsinga «Ung og kritisk», støtta av stiftinga Fritt Ord.

Gi kontekst:

  • Kva er bakgrunnen for at filmen vart laga? Kven har laga han og kven er med? Kva er historia i filmen og kven er hovudkarakterane?
  • Kva må lesaren vita for å henga med på resten av meldinga? 
  • Prøv å skriva det inn i teksta saman med vurderingane du gjer, slik at du unngår ei kjedeleg faktaliste.

Di meining:

Dette er hovuddelen:

  • Kva synest du om filmen – og kvifor? Kva forventningar hadde du? Kva gjorde sterkast inntrykk? Kva følte du då du såg han? Kva sat du igjen med etterpå?
  • Kva konkret gjorde at du fekk inntrykka du fekk? Du kan trekka fram: Lys, kostyme, skodespel, handling, manus, lyd eller scenografi.
  • Analyser og skildra ei spesifikk scene eller kva tekniske grep som påverka opplevinga.

Oppsummering:

  • Oppsummer kort kva inntrykk filmen gav. Kven trur du vil like filmen og kva oppleving kan ein forventa?

PS: Dei same tipsa kan også brukast for å melde seriar.