Trass fleire manglar, så er #Skyldig ei fornøyeleg og spennande bok.

Magnus Rotevatn
Publisert

#Skyldig er ein ganske god ungdomsroman. Forfattar Nina Rossing kan absolutt seia seg nøgd.

Boka hennar er spennande, lett fordøyeleg – og ikkje minst særs aktuell når ein er ungdom.

Altså alt det ein kan krevja av ei ungdomsbok.

#Skyldig

Forfattar: Nina Rossing

Forlag: Vigmostad Bjørke

Gjeven ut: September 2024

Sjanger: Ungdomsroman

Innser at han er ein valdtektsmann

Hovudpersonen i #Skyldig heiter Josef. Når me møter han for fyrste gong, er Josef på fest. Og ein kompis har fiksa han eit ligg, noko som der og då er ei utelukkande positiv oppleving.

Men litt seinare så skal alt rakna.

Det viser seg nemleg at det blei filma då Josef hadde sex. Og det verste er ikkje utpressing eller filmen i seg sjølv.

Alt var ikkje så vakkert som Josef hugsa det. Jenta han låg med var godt under den seksuelle lågalderen, og ho gav tydeleg beskjed om at ho ikkje ville ha sex.

Josef innser kva gale han har gjort. Han er ein valdtektsmann.

Stoppar når ho blir medrivande

Boka har, som allereie sagt, alt det ein krev. Likevel så haltar ho litt.

Det største problemet er at ho avsluttar scener nett på det tidspunktet då dei byrjar å bli verkeleg medrivande.

Eg vil ikkje røpa for mykje av handlinga, men kan seia at boka består av to delar. Båe delane sluttar veldig brått, og eg skulle eigentleg ynskja at båe delane heldt fram lenger.

Det er på desse punkta karakterane som me møter i boka har dei største utfordringane og kjenslene. Og i staden for å la dei kjempa seg vidare, så hoppar forfattaren glatt vidare. Me forlèt på ein måte forteljinga, når ho er på sitt aller mest spennande.

Svake kjensler

Generelt så er det eit problem at boka aldri går djupt nok. Til dømes så forelskar Josef seg, men kjenslene som kjem ut av boksidene blir aldri særleg sterke.

Det er mykje handlingsreferat og lite skildringar, altså stikk i strid med det klassiske skriverådet «show, don’t tell».

Når hovudpersonen og forteljar-røysta faktisk er dødsforelska, så vil eg gjerne veta litt om korleis det kjennest ut. Ikkje berre bli fortalt at han er forelska. Dei utbroderingane som er av kjensler er ofte platte og klisjéaktige.

Karaktergalleriet er også ganske flatt. Stort sett alle er typar meir enn dei er heile menneske. Mange blir òg verande sjellause skuggar med få andre karakteristikkar enn eit namn.

Gjenkjenneleg

Trass i sine manglar, er boka kjekk å lesa.

Det er særleg den spennande handlinga og ein særs aktuell problematikk som bidrar til ei god lesestund. Det hjelper også at alt skjer i ei ramme som bør vera gjenkjenneleg for dei fleste norske ungdommar.

Ikkje minst er boka ført i eit nedpå og lettfatteleg språk. Dette blir det god underhaldning av!