Kuttar flaskehals på E39
Vil korta ned reisetida mellom Os og Bergen med 17 minuttar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Ein festdag for E39
– Endeleg, skriv Erna Solberg på Twitter i dag. For 26 år sidan var ho som byrådspolitikar med på å gå inn for å byggja ein ny veg mellom Os og Bergen gjennom Rådal.
– Etter mange tiår med diskusjon blir no ny firefelts motorveg på E39 mellom Os og Bergen ein realitet. Regjeringa har i dag gitt grønt lys for å starta dette viktige prosjektet, som vil gjera trafikken tryggare og halvera reisetida mellom Os og Bergen. Anleggsarbeidet kan starta allereie i 2015, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i ei pressemelding.
– Med nær 18 kilometer ny firefelts veg blir me kvitt ein flaskehals på E39-strekninga. Me får ei utbetring som sikrar tryggare, meir miljøvenleg og effektiv transport der trafikken i dag fører til mange ulykker og store miljøulemper. Utbygginga er viktig for næringsutviklinga i aksen Os – Bergen og for å styrkje sambandet mellom vekstområde langs E39 på heile strekninga mellom Stavanger og Bergen.
LES OGSÅ: Opnar for superfart på E39
Prosjektet er rekna å koste i alt 6,5 milliardar 2014-kroner. I tråd med lokale vedtak og Nasjonal transportplan skal prosjektet finansierast ved ein kombinasjon av statlege løyvingar og bompengar.
Taksten for ein personbil blir på 43 kroner for personbilar.
Vegen mellom Os og Bergen går i dag gjennom bustadområde. Fartsgrensa er i hovudsak 50 og 60 km/t. Køyretida mellom Os og Bergen er i dag om lag 35 minutt utanom rushtida. Det er rekna med at utbygginga vil føra til ein reduksjon i køyretida på om lag 17 minutt, det vil seia om lag ei halvering.
Endelig! Var med på behandling av trasevalg for 26 år siden i bystyret. http://t.co/5jeQytcnIu
— Erna Solberg (@erna_solberg) 12. september 2014