Reservation Dogs-skodespelar med urfolksprotest

Kanadiske D'Pharaoh Woon-A-Tai nytta Emmy-utdelinga til å protestera mot vald mot urfolkskvinner.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

Natt til måndag var tv-bransjen samla for å hylla dei beste tv-seriane under Emmy-prisutdelinga.

Kanadiske D’Pharaoh Woon-A-Tai var nominert i kategorien beste mannlege hovudrolle i ein komiserie for si rolle som Bear Smallhill i Reservation Dogs.

22-åringen frå urfolksgruppa Oji-Cree var den første med urfolksbakgrunn som var nominert i ein av dei gjævaste skodespelarklassane.

Armani og raud hand

Skodespelaren dukka opp på den raude løparen i ein klassisk svart Armani-dress, og eit stort, raudt handavtrykk over munnen.

Ifølgje organisasjonen Native Hope symboliserer den raude handa vald og drap mot urfolkskvinner i Nord-Amerika. Det symboliserer stemmene til sakna og drepne urfolkskvinner som ikkje vert høyrt i media eller rettsvesen.

CNN siterer ein Instagram-historie, der skodespelaren sjølv forklarar:

– Eg gjorde dette for dei som ikkje er her, ikkje for meg, ikkje for dykk.

Stort samfunnsproblem

Kvinnedrap er eit stort samfunnsproblem, som førekjem ti gongar hyppigare på urfolksreservat samanlikna med USA som heilskap, ifølgje Urban Indian Helath Institute.

Også i Canada er vald mot urfolkskvinner, jenter og personar med anna kjønnsidentitet eit utbreidd problem. Desse har ifølgje myndigheitene tolv gongar høgare risiko for å forsvinna eller bli drepne, samanlikna med kanadiske kvinner utan urfolksbakgrunn.

Woon-A-Tai har òg tidlegare brukt sosiale medium for å setja fokus på livsvilkåra til LHBTQ2+-personar. 2-talet står for Two-Spirits, som er eit urfolksomgrep om personar som ikkje passar inn i den tradisjonelle kjønnsnorma. Ifølgje tradisjonen trudde ein at dette var personar med både mannleg og kvinneleg sjel.

Two-spirit

Woon-A-Tai var ikkje åleine om å skapa Emmy-historie. Lily Gladstone og Kali Reis har begge urfolksopphav og var nominerte for beste kvinnelege birolle i ein miniserie for Under the Bridge og True Detective: Night Country.

Lily Gladstone er oppvaksen på eit Blackfeet-reservat og skapte tidlegare i år historie med å vera den første kvinna med urfolksbakgrunn som vann Oscar. Ho fekk utmerkinga for si rolle som Molly Burkhart i Killers of the Flower Moon.

Gladstone brukar både kvinnelege og kjønnsnøytrale pronomen.

Reis har to verdsmeistertitlar i boksing og identifiserer seg som Two-spirit, og har vore i forhold med både kvinner og menn.