Tilsyn med barnevernet:
Fosterheimsbarn får for dårleg oppfølging – fann lovbrot i sju av ti saker
Barnevernet følgjer ikkje godt nok opp barn i fosterheimar etter omsorgsovertaking, ifølgje Helsetilsynet. Det er funne lovbrot i sju av ti tilsynssaker.
Oppfølgingsarbeidet har rett nok betra seg sidan Helsetilsynet gjennomførte landsomfattande tilsyn for ti år sidan.
Barnevernstenesta besøkjer i hovudsak fosterheimane, og barna blir snakka med.
– Likevel er vi bekymra. Statsforvaltarane har funne omfattande svikt i dette tilsynet, seier direktør Sjur Lehmann i Helsetilsynet.
For dårleg planlegging og manglande dokumentasjon
Det skortar på systematisk og heilskapleg oppfølging, er hovudfunnet i rapporten som tek for seg den siste runden med landsomfattande tilsyn.
Det kan dreie seg om:
- Manglar når ein planlegg oppfølging.
- At det ikkje blir henta inn tilstrekkeleg informasjon om behovet til barnet
- Dokumentasjon av barnevernsfaglege vurderingar er ikkje god nok.
- Dokumentasjon om korleis barnets stemme kjem fram og blir vekta er heller ikkje tilstrekkeleg.
Når det sviktar i éin fase i oppfølginga, kan ein fort risikere at det påverkar ein annan fase og at det ikkje blir samanheng i arbeidet, blir det påpeika i rapporten.
Mangelfull styring, leiing og internkontroll er også gjennomgåande funn.
– Risikerer at det glepp
Helsetilsynet er særleg uroleg for at det manglar dokumentasjon i heile prosessen. Det gjer det krevjande å sjå kva barnevernet har gjort og ikkje gjort overfor barnet.
– I ei teneste med høg utskifting og sjukmeldingar gir det risiko for at informasjon glepp, skriv Helsetilsynet.
Funna er alvorlege, tilføyer barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp). Ho deler særleg bekymringa over at det ofte manglar dokumentasjon.
– Tilsynet viser at styring og leiing må forsterkast, noko eg er samd i, seier ho til NTB.
Toppe viser til at regjeringa har utvikla fleire tiltak som skal styrkje kompetansen både i kommunane og i barnevernet. Tiltak i Fosterhjemsmeldinga, som vart lagt fram før sommaren, vil gje tydeleg rammer og oppfølging for fosterheimsfamiliar, meiner ho. I tillegg vil den nye barnevernslova også stille auka krav til dokumentasjon.
Ber kommunane følgje betre med
Helsetilsynet kjem no med fleire tilrådingar i rapporten sin.
Tilrådingar
- Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet må sørgje for at rettleiar om oppfølging i fosterheimar blir godt kjend i kommunane. Rettleiaren må oppdaterast og bli tydelegare.
- Kommunane må sørgje for forsvarleg dokumentasjon av alle delar av arbeidsprosessen.
- Dei bør ta i bruk digitale system utvikla gjennom Digibarnevern.
- Kommunane må forbetre styring og leiing i oppfølgingsarbeidet. Dei må følgje med på at tiltaka dei har sett i verk, har ønsket effekt.
Dei siste åra er det identifisert fleire utfordringar knytt til manglande eller utilstrekkeleg oppfølging av fosterbarn og fosterforeldre, påpeikar Helsetilsynet. Dei er bekymra for at manglande oppfølging kan føre til at barn ikkje får rett hjelp til rett tid, og at barna må flytte.
Toppe vil gjere meir for å hindre at tilsette sluttar
Toppe meiner tiltak som allereie er sette i verk, vil ha positiv effekt. Neste år kjem det også eit forsøksprosjekt med å rettleie utvalde kommunar.
– Formålet er å auke kvaliteten ved å redusere gjennomstrøyming i barnevernet. Eg har stor tru på tiltak som gjer at erfarne tilsette blir verande i jobben, seier ho til NTB.
Toppe rettar samtidig ei utfordring til kommunane om å setje barnevernet på dagsordenen, ta ansvar og sørgje for forbetringar.
– Tilsynet må føre til læring. Kommunane må no sikre god styring og leiing av barnevernet sitt, med god internkontroll og dokumentasjon i alle prosedyrar knytt til oppfølging av sårbare barn i fosterheimar, seier ho.
Rapporten er basert på tilsyn statsforvaltarane gjorde av 52 barnevernstenester i perioden 2022–2023.