Villmarksentusiast Amir Ranjbar (25) er kåra til nordisk pioner

25-åringen arbeider for at alle ungdommar blir inkludert i norsk friluftsliv.

Åshild Slåen
Publisert

Kvart år deler Nordic Pioneer ut pris til fire unge mellom 16 og 25 år som gjennom innsatsen sin har betra lokalmiljøet sitt. Nordic Pioneer er eit ungdomsinitiativ med eit nettverk av nordiske personar som jobbar for demokratiet i sitt miljø.

Amir Ranjbar (25) frå Oslo er den norske vinnaren for 2024. Ranjbar er leiar i friluftsorganisasjonen Wild X.

For Amir Ranjbar er det viktig å inkludere fleire i friluftsliv. Foto: Salomon Spikkeland

– Kjensla av å vinne dette har endå ikkje sokke i meg for det er så uverkeleg for meg. Eg har aldri gjort jobben min med intensjon om å vinne noko, men å gjere ein forskjell. Men dette er ein skikkeleg boost til å gi på endå meir og tenke endå breidarer, seier Ranjbar i ei pressemelding.

Wild X er den einaste fleirkulturelle friluftsorganisasjonen i Noreg. Dei vil hjelpe ungdom med anna etnisk bakgrunn enn norsk å gå på jakt, campe og utvikle sosiale ferdigheiter gjennom friluftsliv. Ranjbar fekk sjølv dra nytte av tilbodet då han var ung. Han seier naturen ofte blir gløymd so ein viktig arena for inkludering.

– Men her handlar det om å motbevise dei fordommane og bruke det til å gi ungdommane nye meistringsarenaar og verktøy til å meistre kvardagen med.

Dei andre vinnarane er:

  • Eleonora Svanberg (225) frå Sverige, grunnleggjar av Girls in STEM, ein NGO som kjempar for kvinners plass i vitskapen.
  • Maymi Asgari (23) frå Danmark, innholdsskaper, fotballspelar og likestillingsforkjempar for etniske minoritetskvinner i idrettsverda.
  • Panashe Kauhanen (21) frå Finland, grunnleggjar av Fashcene Underground, ein organisasjon som kombinerer livemusikk med mote og skaper rom for unge kreative.

Prisen på 15 000 kroner kvar blir delt ut onsdag 19. september, i den islandske ambassadøren sin bustad i København.