Treningslyst kan styrast
Forskarar har funne ut kva del av hjerna som har ansvaret for treningsmotivasjon. Snart har du ingen unnskyldning.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det er forskarar ved Seattle Children's Research Institute som har funne kva område i hjerna som oppmodar deg om å driva med trening og andre liknande aktiviteter.
Det kan bety langt meir enn å få fleire til å ta ein joggetur. Oppdaginga kan bety mykje for behandling av depresjonar.
LES OGSÅ: Hopp gjerne over frukosten
Trening løftar sinnet
Dei fleste er einige i at trening og mosjon kan ha positiv effekt på tungsinn og lettare depresjon. Det kan og vera eit verkty i behandling av tyngre depresjon, ifølgje Harvard.
Men er du deprimert, er det kanskje endå vanskelegare enn vanleg å finna motivasjonen for ein joggetur. Difor kan denne behandlinga bety mykje.
– Endring i fysisk aktivitet og manglande evne til å nyta opplevingar er to kjenneteikn på tung depresjon. Men hjernekoblingane som er ansvarlege for å motivera til trening har me forstått lite av. No kan me finna måtar å manipulera dette området direkte på, utan å påverka resten, forklarar Dr. Erik Turner. Han leia forsøket ved Seattle Children's Research Institute.
LES OGSÅ: Det skumle ved å bli vaksen
Sofamus
Forsøket vart gjort på mus, der dei fjerna signal frå delen av hjerna som på latin heiter Dorsal Medial Habenula.
– Utan ein fungerande dorsal medial habenula vart musene sofapoteter. Dei var fysisk i stand til å springa, men virka umotiverte, forklarar Dr. Erik Turner.
I ein anna del av prosjektet fekk musene eit val – dei fekk sjølv tilgang til å aktivera signal frå denne delen av hjerna. Då foretrakk musene å få tilbake signala sine – og med det motivasjonen for å springa.
LES OGSÅ: Mindre rus, meir stress