Brukar ekstra ressursar på å tilsetje unge: – Positiv langtidseffekt

For andre året på rad tilbyr Voss herad sommarjobb til unge under 18 år. Slik håpar dei å rekruttera fleire til helsefaga.

Signe Gjeraker
Publisert

Denne saka er ein del av artikkelserien «Framtidas arbeidsliv», som er støtta av Fritt Ord.

– Det kjekkaste med jobben er folka me arbeider med og bebuarane her, seier Leah Lyngsgård (16) når Framtida besøker ho på arbeid.

Helsevesenet står framfor store rekrutteringsutfordringar framover, og i tillegg er det for mange unge vanskeleg å få sommarjobb. Tal frå SSB viser at ein av fire unge i aldersgruppa 15 til 19 år var utan sommarjobb i 2022. Desse to problema ønskte Voss herad å gjere noko med, og lyste ut stillingar for unge sommarvikarar.

Ungdommane kunne søkje på jobbar i barnehage, sjukeheim, eller på biblioteket og kinoen.

Leah Lyngsgård (16) | Foto: Signe Gjeraker

Ein sosial jobb

To av dei 22 som fekk sommarjobb gjennom ordninga er Leah Lyngsgård (16) og Jens Våle (17). Dei har begge sommarjobb på sjukeheim på Voss for fyrste gong denne sommaren. Sommarvikar-stillinga er tilpassa ungdomar i aldersgruppa 15–18 år slik at dei ikkje skal delta i stell, men hjelpe til med matlaging, rydding og vasking og å vere sosiale med bebuarane.

Jens Våle (17) | Foto: Signe Gjeraker

– Det er veldig mykje sosialt, fortel Våle. Ein stor del av jobben går ut på å prate med bebuarane, høyre på historier og å sitje saman med dei under måltida.

Han oppfattar at dei eldre synest det er kjekt at sjukeheimen har tilsett fleire unge sommarhjelper.

– På avdelinga er det veldig travelt, og det er mange som treng mykje hjelp, så sjukepleiarane og helsefagarbeidarane har som regel mykje å gjere. Så at me har litt betre tid til å setje oss ned med dei og prate med dei trur eg dei set pris på.

Godt kjende med bebuarane

Begge sommarvikarane vart overraska over kor raskt dei har blitt kjent med bebuarane. Lyngsgård har berre arbeidd på sjukeheimen ei veke når me møter ho, men kjenner allereie at ho har blitt godt kjent med dei som bur der.

Å vere ung og arbeide på sjukeheim kan vere utfordrande då ein møter på pasientar og pårørande i vanskelege og sårbare situasjonar. Lyngsgård fortel at det ikkje er så kjekt å sjå dei som ikkje har det så godt, men at ho jo veit at dei vert tekne godt vare på.

– Det var litt rart fyrste veka å tenke på at det nærmar seg slutten for mange av dei. Den eldste her er 99 år. Det kan vere litt merkeleg, seier Våle.

Leiinga er nøgde med ungdomane og ordninga

– Det er så mykje som bur i ungdom. Dei er så friske og raske, og dei eldre er glade i det. Dei eldre likar merksemda og at dei har tid til dei.

Prosjektet på Voss starta i fjor, som eit tiltak for å møte dei komande utfordringane med tilstrekkeleg rekruttering til helsevesenet. Ei stadig større eldre befolkning saman med mindre og mindre arbeidskraft innan helse- og omsorgsyrka gjer at helsevesenet er under press. Ifølge tal frå SSB vil ein i 2060 trenge at 1 av 3 arbeider innan helse. Ordninga i heradet handlar difor om å vere føre var, fortel områdeleiaren.

Områdeleiar Bodil Tennebekk er nøgd med ordninga i Voss herad. | Foto: Signe Gjeraker

– Det er eit prosjekt retta inn mot 15- til 18-åringar. Det er gjerne dei som ikkje får så lett tilbod om sommarjobb, seier Bodil Tennebekk.

Ho er områdeleiar på sjukeheimen.

– Det er litt fordi det er kjekt for ungdom å få moglegheit til å få seg jobb, og tene eigne pengar. Men hovudintensjonen til heradet og sjukeheimen er at det skal vera ein bra stad å vere den sommaren ein er her, og at sommarvikarane sakte, men sikkert vil bli introdusert for yrket, fortel Tennebekk.

Vanskeleg å få sommarjobb

Oppfatninga av det er vanskeleg for unge å få sommarjobb har Våle og Lyngsgård òg. I tillegg er det vanskeleg å vite korleis ein ligg an i søknadsprosessen, fordi dei ikkje får svar – verken om dei har fått jobben eller om søknaden i det heile har blitt sett.

Til saman var det i år 58 søkjarar til sommarstillingane, mot rundt 30 i fjor. Våle og Lyngsgård er to av totalt 13 stk. som skal arbeide på Vetleflaten omsorgssenter.

Jens (17) og Leah (16) har sommarjobb på sjukeheim. | Foto: Signe Gjeraker

I år har heradet fått ei støtte til ordninga frå Ungdomsrådet på totalt 300 000 kroner. Likevel inneber sommarstillingane for dei unge ein kostnad for sjukeheimen som det ikkje er budsjettert med.

– Men langtidseffektane av dette trur me er positive for oss, og at det kan bringe kompetente folk tilbake, seier ho.

Håpar at ordninga skal fortsetje

Tennebekk fortel at sommarvikarane bidreg aktivt til at dei eldre skal ha det godt. Ein tidlegare sommarvikar gjorde inntrykk på avdelinga med å spele piano for fellesskapet, for så å trilla instrumentet inn på rommet til ein av dei sjukaste og spele for den personen òg.

– Det er noko med å kome på det, og å gjere det, utan at nokon har bede deg om det, seier områdeleiaren, tydeleg rørt.

– Satsar de på at ordninga skal fortsetje? 

– Ja, det håpar me. Eg tenkjer det er ei ordning som er komen for å bli, og at det kanskje er ein av nøklane for å løyse dei rekrutteringsutfordringane som me står i. Og så har me eit samfunnsansvar i dette òg, til å få unge i arbeid, avslutta Tennebekk.

Nytt syn på yrkesveg i helsevesenet

Dei to sommarvikarane Lyngsgård og Våle er samde i at ordninga kan vere effektiv for å få fleire unge til å velje helse som ein yrkesveg.

– Før denne jobben hadde eg ikkje tenkt på å bli noko innan helse, men no har eg begynt å sjå at dette er ein ganske fin jobb. Så det hjelper mykje, fortel Lyngsgård.

Elles er dei to ungdomane samde om at det er viktig å ha meir fokus på det positive med yrket for å få fleire til å søke seg til det.

– Særleg for sjukeheim er det med stell gjerne det ein pratar om, og det som gjer at folk ikkje vil begynne. Men å sette fokus på dei andre tinga, det fine med jobben, er viktig, seier Våle.