Bokaktuelle Sadik Qaka ser difor føre seg at Aksel Hennie kan spela både eg-personen, pappa, tante og bestemor frå diktsamlinga Bestemors bok / Libri i gjyshes.
– I det siste har eg vore utolmodig med romanar, så det blir ofte poesi, skriv Sadik Qaka i ein e-post til Framtida.no.
30-åringen debuterte nyleg med diktsamlinga Bestemors bok / Libri i gjyshes på forlaget Aschehoug.
Qaka er fødd i Kosovo og oppvaksen i Hunndalen, før han flytta til Oslo.
Sadik Qaka
Alder: 30
Frå: Fødd i Kosovo, oppvaksen i Hunndalen, flytta til Oslo som 19-åring og budd her sidan.
Utdanning: Mastergrad og snart halvvegs i ein doktorgrad i samfunnsgeografi
Yrke: Stipendiat ved UiO
Boka er ein del av serien parallell, som betyr at tekstane hans er publisert både på norsk og albansk i same bok.
Me har teke ein prat med debutanten om hans eigne lesevanar og bøkene som forma han.
Litteratur i bevegelse
– Kor mykje les du i året?
– Veldig vanskeleg å seia. Som stipendiat er det å lesa ein del av jobben, men prøver å ta meg tid til skjønnlitteratur òg. Kan lesa veldig lite på eit halvt år, og så veldig mykje på ei veke. Vekslar også ofte på skrivetid og lesetid, og har akkurat komme ut av ei lengre skrivetid. Men eg kjenner alltid at eg burde lesa meir.
Tid til lesing vert det både på kontoret og i senga.
– Eg likar òg å lesa på toget når eg besøker foreldra mine. Det er noko med det å vera i bevegelse som er veldig fint.
Favoritten er litteratur der det litterære handverket og eit kritisk politisk blikk går hand i hand.
– Eit godt døme på det er Danez Smith sitt dikt Dinosaurs in the Hood. Det poetiske og politiske glir inn i kvarandre og er umogleg å skilja. Det er sånne tekstar som ofte blir verande i meg lenge etter at eg har lese dei.
Den albanske bjørnen
– Kva bok ligg på nattbordet ditt?
– Time Shelter av Georgi Gospodinov, En liten detalj av Adania Shibli og Gunvor Hofmos samla dikt. Hadde håpa å lesa i løpet av våren, men blir nok til hausten.
– Kva bøker vart lesen til deg som liten?
– Pappa var i Albania ein gong då eg var liten og kjøpte masse barnebøker på albansk. Den eine handla om ein gammal mann som lurer ein bjørn, trur eg. Hugsar ikkje heilt handlinga, men eg hugsar teikningane, og at eg synest synd på bjørnen for han såg jo berre ut som ein stor bamse.
Qaka hugsar òg at læraren i fjerde eller femte klasse las eitt kapittel om gongen av Brørne Løvehjerte av Astrid Lindgren i matpausen.
– Eg hugsar det gjorde inntrykk. Sikkert derfor eg framleis er glad i triste bøker.
Drageløperen
– Kva meiner du gjer ei bok god?
– Det som gjer ei bok god for meg er at er ei god forteljing som er fortald på ein god måte. Ein ting er at ei bok er fin og får deg til å kjenna noko der og då. Noko anna er det når den same boka slår rot i deg og held fram med å glø lenge etter at du har lese ho.
– Kva bok gjorde inntrykk i tenåra?
– Vanskeleg å halda seg til ei bok. Den første «ekte» romanen eg las var Drageløperen av Khaled Husseini. Apropos fine og triste bøker. Eg hugsar at eg slukte han på ungdomsskulen, sjølv om eg eigentleg aldri var ein lesehest. Den er kanskje ikkje eit meisterverk, men han viste meg kva litteratur kunne gjera.
I engelsken på vidaregåande las elevane The God of Small Things av Arundathi Roy.
– Seinare las eg Song of Solomon av Toni Morrison. Eg trur ikkje eg ville skrive Bestemors bok om det ikkje hadde lese desse bøkene.
Undervurdert fribyforfattar
– Kva bok og/eller forfattar meiner du er undervurdert?
– Eg synest La oss si at jeg er av Haile Bizen er heilt fantastisk. Heldigvis har eg sett dikta hans meir i media og på T-banen. Det er veldig fortent.
– Kva bok skulle du ynskja du hadde skrive?
– Eg hugsar at eg las On Earth We’re Briefly Georgeous av Ocean Voung og tenkte: shit, går det an å skriva så vakkert? Så kanskje ho? Elska å lesa ein roman der det kjendest at kvart einaste ord var veldig nøye valt.
Ibsen og eg
Qaka kjenner seg veldig att i det lyriske eg-et i poesisamlinga si Bestemors bok, men treng ikkje kjenna seg lik karakterane for å verta engasjert.
– Eg synest det som er gøy med å lesa er å setja seg inn i liv som både liknar og er annleis frå mitt eige. Eg hugsar at det særleg var spennande å lesa Brand av Ibsen av den grunn. Eg trur det var i 2014, mitt andre år i Oslo. Brand og eg har nok ikkje veldig mykje til felles, men det var kanskje nettopp det som gjorde det spennande å lesa.
Toni Morrison og Teuta Dibrani
– Kva forfattar – daud eller levande – ville du invitert på middag?
– Teuta Dibrani, forfattaren av Hvis dette var en film. Ho er også norsk-albansk, og skriv veldig godt om erfaringar eg kjenner meg igjen i. Heldigvis er ikkje Teuta berre ein forfattar eg beundrar, ho er også ein venn. Det byrjar å bli ei stund sidan me åt middag saman. Må senda henne ei melding snart.
– Om du berre skulle lesa bøker frå ein forfattar heile livet ditt – kva forfattar?
– Lett: Toni Morrison. Alt frå foredraget hennar då ho vann Nobelprisen til Sula og essaya hennar om kvitheit i litteratur. Det ville vore ei glede.
Aksel Hennie x 3
– Dikta dine vert filmatisert – kven speler hovudrolla?
– Då eg var yngre var Aksel Hennie med i alle nye filmar. Føreslår difor Aksel Hennie som det lyriske eg-et, pappa, tante og bestemor. Det trur eg hadde vorte bra.