Ber om løysing før skulestart

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) ber partane i skulekonflikten om å finne ei løysing så ikkje tusenvis av elevar går glipp av starten på skuleåret.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Streik er eit lovleg verkemiddel, men det går alltid ut over nokon. I dette tilfellet vil det gå ut over elevar, barn, unge og foreldre, og då er den heilt soleklare bodskapen at partane må gjere sitt yttarste for å finne ei løysing før konflikten blir trappa opp. Når eg seier partane, så meiner eg også arbeidsgjevarsida og KS, seier ministeren til NTB.

– Ein må ta utgangspunkt i resultatet som har vore til uravstemming og kva lærarorganisasjonane no meiner, og så må ein prøve å finne ei ny løysing basert på det, fortset han.

Røe Isaksen held fast ved at regjeringa og staten ikkje er part i forhandlingane mellom KS og Utdanningsforbundet.

– Det er partane sitt ansvar å få denne forhandlinga i hamn, konstaterer han. (©NPK)