I denne nasjonalparken er det mobilforbod
I Britain's New Forest National Park vil dei ta inn mobilar, nettbrett og bilnøklar, slik at dei besøkande skal tilbringa meir tid med kvarandre og naturen
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Mobilforbod i nasjonalparken
The Verge skriv om nasjonalparken som er lei av besøkande som kranglar om køyreruter og sit med nasen gravd ned i mobiltelefonen. Britain's New Forest National Park fristar med ponniar og turistbussar, og tek telefonen din ved inngangen.
LES OGSÅ:Difor jagar flugene deg
Prosjektet er skildra i videoen under, der ein «ung David Attenborough» ser nærare på familien som får ei ny oppleving – ein tur i nasjonalparken utan nettdingsar framfor seg.
Med tørrvittig britisk tone observerer han korleis familien må tilpassa seg forholda – og blir belønna med is på slutten av dagen.
LES OGSÅ:Gamle mobilar gull verd
Sjå videoen frå Britain's New Forest National Park her – og vurder om du skal lata mobilen ligge att heime neste gong du er på tur.