Mexico får sin første kvinnelege president

Ingeniør og klimaforskar Claudia Sheinbaum (61) vann valet.

Synne Ulltang
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Framtida Junior, som er systeravisa til Framtida.no.

På søndag var det val i Mexico. Claudia Sheinbaum fekk mellom 58,3 og 60,7 prosent av stemmene.

Ho blir dermed den første kvinnelege presidenten i Mexico.

– Eg vil ikkje svikte dykk, sa Sheinbaum etter valsigeren, ifølge NRK.

Claudia Sheinbaum (61) er ingeniør og klimaforskar. I 2018 blei ho også den første kvinnelege ordføraren i hovudstaden Mexico City.

Claudia Sheinbaum tar over jobben som president 1. oktober.