Trur ikkje på forfremming

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Trur ikkje på forfremming

Over halvparten av dei kvinnelege arbeidstakarane i landet trur ikkje dei har moglegheiter til å bli forfremma. Det viser ei undersøking som Arbeidsforskingsinstituttet har utført for YS og YS-forbunda.

LES OGSÅ: – Gi meg éin mann som kan konkurrere med melismene mine

Undersøkinga blir utført kvart år blant over 4.000 organiserte og uorganiserte arbeidstakarar i heile landet. Tala for i år viser at over halvparten av kvinnene er enten ueinige eller sterkt ueinige i at dei har store moglegheiter for forfremming.

– Desse tala er nok samansette, men vi må ta dei på alvor, for dei skildrar viktige forhold i arbeidslivet. Det kan vere at nokre kvinner svarer basert på at dei ikkje trur dei har moglegheit for forfremming. Trass ein slik feilmargin er tala såpass signifikante at vi ikkje kan avfeie problemstillinga, seier Arnfinn Korsmo, 1. nestleiar i YS-forbundet Negotia.

LES OGSÅ: Vil nekte kvinner stemme- og talerett

56 prosent av kvinnene i alderen 45– 59 år er enten ueinige eller sterkt ueinige i at dei har moglegheit for forfremming. 53,2 prosent av kvinnene mellom 30 og 44 år svarer det same, medan 52,9 prosent av kvinner mellom 15 og 29 år oppgir det same svaret.

Blant menn svarer 8,6 prosent i alderen 45– 59 år at dei er ueinige eller sterkt ueinige i at dei har store moglegheiter for forfremming. 13,7 prosent i alderen 30– 44 år svarer det same, og prosentdelen er 18,5 prosent for menn i alderen 15– 29 år.

LES OGSÅ: Legar seier opp grunna samvit