Fleirtal for 15-årsgrense for sosiale medium
Barne- og familieministeren ser på moglegheita for å setje og handheve aldersgrenser for sosiale medium for barn.
Ei ny undersøking viser at 70 prosent av befolkninga er for å innføre ei 15-årsgrense for sosiale medium.
På spørsmålet «bør det vere 15-årsgrense for sosiale medium i Noreg», har 15 prosent svart nei, medan 14 prosent er usikre.
Undersøkinga er utført av Sentio for Klassekampen. 1000 personar vart spurde mellom 18. og 24. april.
I dag er det ei aldersgrense på 13 år for å opprette ein profil i sosiale medium, men det er lett å omgå denne grensa.
Nesten halvparten av norske 9-åringar bruker sosiale medium, ifølgje ei undersøking gjort av Medietilsynet.
Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) og kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) varsla i april at dei vil sjå på moglegheita for å setje og handheve aldersgrenser for sosiale medium for barn.
– Eg synest det er positivt at så mange ser at det er grunn til å setje nokre tydelegare aldersgrenser. Det er i tråd med det eg og Senterpartiet meiner og er opptekne av, og det viser at det arbeidet vi gjer no, er viktig, seier Toppe til Klassekampen om resultata i undersøkinga.
– Det at så mange støttar ei høgare aldersgrense, viser kor viktig det er at regjeringa tek tak i dette, seier Nordtun.