Aldri for seint for sommarleir

Baking, bading og bygging av leikeland. Kvifor skal ein slutte å reise på leir berre fordi ein er vaksen? 

Kristina Leganger Iversen
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nesten femti vaksne menneske kosar seg nett no glugg i hel på sommarleir. Det har Eir Huseby sørgd for. Ho er nemlig leirsjef for Underleir, Noregs første leir for vaksne.

– Ideen kom då eg surfa på internett og las om Camp Grounded, som lagar sommarleir for vaksne i California i USA. Eg tenkte at det hadde eg lyst til å lage òg, fortel ho.

Det er ikkje første gong Huseby har skapt noko nytt. Til vanleg arbeider ho i Soleis, eit firma ho starta saman med Sigrid Lillebråten, og som lagar innhald til digitale læremiddel. Framtida skreiv om dei i 2012, då dei vitja Øksendal Skule


LES ÒG: Set festivalen framfor helsa

Frå Underskog til ekte skog
Huseby er altså ikkje den som lar ein god ide gå frå seg. Men var det berre ho som synest dette var ein god ide? Ettersom det er litt einsamt å vere på sommarleir åleine,  laga ho eit innlegg på nettforumet underskog.no, der ho undersøkte interessa for konseptet. Ville eigentleg vaksne folk reise på leir?

– Det kom inn over 60 kommentarar på kort tid, der folk skreiv både at dei hadde lyst å kome og at dei ville vere med å planlegge og hjelpe til, fortel ho.

Som sagt, så gjort. Dermed har leiren blitt planlagt gjennom møte og trådar på nettforumet, og namnet på leiren, Underleir, vart avgjort gjennom ei avstemming der. Og i desse dagar er nesten femti deltakarar samla på leirstaden.

Men kva gjer ein eigentleg på ein vaksensommarleir?

 LES ÒG: – Framleis den finaste staden i verda


Dyrekos høyrer til på leir. Foto: Eir M. Huseby

Aktivitetar i fleng
Mykje det same som på ein vanleg sommarleir. Huseby kan fortelje om flust av både kurs og fritidsaktivitetar, både sylting, landskapsfotografi, lafting, fisking, brødbaking, yoga, fotball og andre meir eller mindre vanlege leiraktivitetar.

– Eit av høgdepunkta har vore kurset i tørrmuring, der vi mura vår eigen bålplass, seier ho.

Artikkelen held fram under biletet

På leiren kombinerer dei kurs og trening med å bygge det som trengs. Her er eit av resultata frå kurset i tørr-muring. Foto: Eir M. Huseby

Fleire av deltakarane har hatt det så gøy at dei no forlengar leiropphaldet sitt, fortel Huseby.

– Vi har tre kategoriar når folk melde seg på, dei kunne anten vere heile veke frå sundag til sundag, eller halve veka, frå sundag til onsdag eller onsdag til sundag. Mange av dei som eigentleg skulle ha reist heim i dag har ombestemt seg, og funne ut at dei heller vil vere heile veka, fortel ho.

Noko som heldigvis gjekk fint, ettersom det er nok av plass på leirskulen.

Artikkelen held fram under biletet

Den gamle bakestova, med vedfyrt steiomn, er klar for kurs i surdeigsbrødbaking. Foto: Eir M. Huseby

LES ÒG: Ti favorittar i sommar

Dugnad
Men ikkje berre er det sommarkos og kurs på sommarleiren. Som eit av høgdepunkta i helga som kjem nemner Huseby noko som kanskje ikkje er heilt vanleg på leir: Dugnad.

– På laurdag skal vi lage hytter i trea og leikeland nede i sentrum til ungane i bygda. Det er ein lokal gut som hadde teke området i bruk som leikeplass, og no ønskjer å dele det med andre barn. Sambygdingar og tilreisande som har lyst å vere med å bygge trehytter og drive med anna leiken anleggsaktivitet må berre møte opp klokka 12 ved kyrkja, avsluttar ho.