EBU ut med åtvaring mot å «trakassera» Eurovision-artistane

Eurovision-arrangør EBU åtvarar mot å «trakassera» deltakarane i songkonkurransen i samband med at Israel skal delta.

NPK-NTB
Publisert

Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) gjekk tysdag ut med ein offisiell uttale som tok opp spørsmålet, melder NME.

Det er særleg sosiale medium-kampanjar retta mot nokre av dei deltakande artistane som EBU bekymrar seg over, ifølgje uttalen, som er underteikna visedirektøren i kringkastingsunionen Jean Philip De Tender.

– Me erkjenner dei sterke kjenslene og meiningane som Eurovision Song Contest i år har vekt, sett på bakgrunn av ein forferdeleg krig i Midtausten. Me forstår at folk ønskjer å engasjere seg og uttrykkje dei djupkjende synspunkta sine på saka, skriv han.

De Tender understrekar at sjølv om kringkastingsunionen støttar ytringsfridommen og retten til å seia meininga si i eit demokratisk samfunn, motset dei seg sterkt «ei kvar form for netthets, hatefulle ytringar og trakassering retta mot artistane våre eller enkeltpersonar knytte til konkurransen».

– Dette er uakseptabelt og fullstendig urettferdig, gitt at artistane ikkje har noka rolle i denne avgjerda, skriv Ebu-nestsjefen vidare og understrekar at avgjerda om å inkludera også den israelske kringkastaren KAN ligg utelukkande på EBU sitt styrande organ – ikkje på dei individuelle artistane.