Reagerer på solskatt
Den tyske regjeringa føreslo nyleg å innføre ein eigen skatt for dei som produserer sin eigen solenergi i heimen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dei som forsyner seg sjølve med straum med solcellepanel, byrjar å bli så mange i Tyskland at det byrjar å bli merkbart på inntektene til kraft- og nettselskapa.
LES OGSÅ: Unge er klima-optimistar
Derfor vil regjeringa no krevje inn 25 øre per brukt kWh hos heimeprodusentane, skriv bladet Ny Teknik.
Kritikarane meiner det er like urimeleg som å betale skatt til daglegvarebutikken for tomatane du dyrkar i eigen hage. Dei meiner òg at nettselskapa no i grunnen sparer pengar på at presset på straumnettet blir mindre.
LES OGSÅ: Det store klimaspelet