Bergen-Oslo på 3,5 timar med ny veg

Motorveg over Haukeli kan konkurrera med fly, meiner professor.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bergen-Oslo på 3,5 timar

Professor, sosialøkonom og samferdselsekspert Dag Bjørnland meiner reisetida mellom dei to største byane i Noreg vil bli mykje kortare dersom den nye vegen mellom aust og vest blir lagt om Haukeli.

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) har annonsert at regjeringa i nær framtid vil avgjera kva som skal vera framtidas hovudveg mellom Oslo og Bergen/Haugesund. Det finst i dag fem aktuelle vegsamband mellom aust og vest: over Filefjell, Hardangervidda, Hemsedal, Aurland og Haukeli.

Professor Dag Bjørnland, som er nestor i i skandinavisk samferdselsforsking, meiner sistnemnde alternativ vil vera både kortast og raskast.

– Regjeringa seier dei vil bestemma seg for trasé i løpet av hausten, men det har vekslande regjeringar sagt sidan 1960-åra. Difor er det ikkje bygd nokon fullgode hovudsamband mellom aust og vest, seier Bjørnland til BA.no.

LES OGSÅ:Knallhard kamp for E134

Firefelts motorveg
Bjørnland ser for seg ein firefelts motorveg med ei øvre fartsgrense på 100–110 km/t. Det gjev ei reisetid på tre og ein halv time mellom Oslo og Bergen. I dag er reisetida over sju timar.

Bjørnland reknar med at det berre treng å ta fem-seks år å byggje vegen, som med sine 380 kilometer er kortare enn nokon av dei andre alternativa.

Statssekretær Bård Hoksrud (Frp) skildrar Haukelialternativet som spennande.

– E134 over Haukeli vil kunne kopla seg på den nye ferjefrie kyststamvegen, slik at dette òg blir den viktigaste aust-vest-sambandet for Haugesund og etter kvart òg for Stavanger. Det gjer alternativet over Haukeli til ein spennande og visjonær tanke, seier han til BA.no.

Sjølv om Frp tidlegare har gått inn for Haukelialternativet, ventar Hoksrud og samferdselsminister Ketil Solvik Olsen (Frp) no på ei utgreiing av alle dei fem alternativa for det nye aust-vest-sambandet.

LES OGSÅ:Regjeringa har bestemt seg for E39-trasé