Test kva du har fått med deg frå veka som gjekk!

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Quiz: Nyheitsquiz veke 7
- Spørsmål 1 av 10
1.
Kva skal toglinjer i London kallast opp etter?
Rett!
Toglinjene skal blant anna heite Suffragette Line, etter kvinnene som kjempa for stemmerett og likestilling for over 100 år sidan og Windrush, etter skipet som frakta mange arbeidsinnvandrarar frå Karibia i etterkrigstida.
Les også: Nye namn på toglinjer i London heidrar kvinnekamp og innvandring
Feil!

- Spørsmål 2 av 10
2.
Kven annonserte nytt album under Super Bowl?
Rett!
Det var Beyoncé som annonserte nytt album, og sleppte songar som indikerer at det nye albumet vil ha eit country-preg.

- Spørsmål 3 av 10
3.
Kva heiter den russiske opposisjonsleiaren som døydde denne veka?
Rett.
Dødsfallet til Aleksej Navalnyj vart fredag varsla av russiske fengselsstyresmakter. Navalnyj vart rekna som leiaren av den russiske politiske opposisjonen til president Vladimir Putin, og har vore fengsla i ein straffekoloni sidan 2021.

- Spørsmål 4 av 10
4.
Kor mange år er det sidan OL vart arrangert på Lillehammer?
Rett!
Denne veka var det 30-års jubileum for OL på Lillehammer i 1994. Sjølv om det er lenge sidan, sette arrangementet sine merke på den norske kulturen.

- Spørsmål 5 av 10
5.
Kva vedtak i Drammen kommunestyre fekk mykje merksemd denne veka?
Rett!
Drammen kommunestyre vil berre ta imot flyktningar frå Ukraina, og ikkje andre delar av verda. Om dette faktisk er i tråd med Grunnlova er usikkert, og ein av politikarane har meldt kommunen til politiet.

- Spørsmål 6 av 10
6.
Denne veka var det val i verdas tredje største demokrati. Kva land er dette?
Rett!
Indonesia har over 200 millionar menneske med stemmerett, og denne veka stemte dei over kven som skal vere president dei fem neste åra. Førebels ser det ut som 72 år gamle Prabowo Subianto blir den neste presidenten.

- Spørsmål 7 av 10
7.
Kva dato er valentinsdagen?
Rett!
Valentinsdagen er 14. februar, og var onsdag denne veka.

- Spørsmål 8 av 10
8.
Kva har Hellas vedteke denne veka?
Rett!
176 av 300 representantar i det greske parlamentet stemte torsdag for å innføre likekjønna ekteskap. Lova gjer det også enklare for likekjønna par å adoptere.

- Spørsmål 9 av 10
9.
Kven vann Afrikameisterskapet i fotball?
Rett!
Det var Elfenbeinskysten som vann Afrikameisterskapet etter dei slo Nigeria 2–1.

- Spørsmål 10 av 10
10.
Ei rokke på eit akvarium i Nord-Carolina i USA har blitt gravid. Kven trur dei tilsette at rokka har para seg med?
Rett!
Det er ingen andre rokker i akvariet, så dei tilsette har to teoriar: Anten har nokre av unghaiane para seg med rokka, eller så har ho produsert ein jomfrufødsel, som er svært sjeldan.

Resultat:
Vurdering:
● Les også: Korleis er det å vere «halfie» i Sør-Korea?