Gåte droppar boikott – deltek i Eurovision

Gåte, vinnaren av Melodi Grand Prix i år, har bestemt seg for at dei vil delta i Eurovision Song Contest i Malmö i mai.

NPK-NTB
Publisert

Det stadfestar vokalist Gunnhild Sundli overfor NRK.

I forkant av MGP-finalen uttrykte Gåte at dei opplevde det som problematisk at Israel skal vera med i Eurovision. Vokalist Gunnhild Sundli sa at bandet ville trenge områdingstid for å finne ut kva som vil vera best for dei å gjera vidare.

– Vi trong å ta det innover oss og ta ein pust i bakken, seier Sundli til kanalen.

Gitarist Magnus Børmark seier at gruppa har brukt mykje tid på valet og drøfta korleis dei kan bruka stemmene i samband med krigen i Gaza mellom israelske styrkar og Hamas.

EBU vil ikkje stenga ute Israel

Den 6. februar kåra Israel Eurovision-kandidaten sin. Den israelske artisten Eden Golan har delt i sosiale medium at ho kjem til å delta i konkurransen.

Rådgjevar Eirik Skarrud i Kringkastingsrådet har tidlegare opplyst til Kampanje at NRK har fått cirka 700 klager på at Israel får lov å delta i Eurovision.

Årsaka til at NRK får klager på den israelske deltakinga, er at den europeiske kringkastingsunionen EBU har gjort det klart at det er uaktuelt å stenga ute Israel frå å konkurrera i songkonkurransen.

NRK, som er ein del av EBU, har sagt nei med grunngjeving om at dei ikkje åleine vil gå inn for ein kulturell boikott av Israel.

Fokus på tryggleik

I morgon skal Gåte i møte med NRK for å mellom anna snakka om vegen vidare mot Eurovision, opplyser NRK.

Musikksjef for MGP, Stig Karlsen, seier til NRK at dei er glade for avgjerda til Gåte og skal no følgja dei tett opp mot reisa til Malmö.

Han seier at NRK støttar bandet i avgjerda deira om å løfte synspunkta sine i konkurransen.