Samla inn underskrifter for utsendt tolk

Norske veteranar har samla inn over 3.000 underskrifter i håp om at norske styresmakter lar tolken Faizullah Muradi få opphald i Noreg.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Protesterer mot utsending

– Vi har samla inn 3.195 underskrifter. I tillegg har ein god del folk signert i ein tråd vi har hatt på Facebook, seier Geir Dolonen-Marthinussen i Norges Veteranforbund for internasjonale operasjonar (NVIO) til Dagsavisen.

Veteranane kjem til å stå utanfor Stortinget fredag og håper at nokon frå regjeringa vil ta imot underskriftene.

– Eg meinte det vart heilt feil av Noreg å ikkje behandle asylsøknaden hans. Han har slåst for Noreg, med norske våpen, med norsk flagg på skuldra. Vi har eit særskilt ansvar for at han skal få moglegheita til å vere i Noreg, seier Dolonen-Marthinussen.

Sjå på praksis
Faizullah Muradi vart tysdag sendt ut av landet og flogen til Italia. Utsendinga førte til sterke reaksjonar frå opposisjonen på Stortinget, og statsminister Erna Solberg varsla allereie etter spørjetimen i Stortinget onsdag at det kunne vere aktuelt å sjå på regelverket.

Dolonen-Marthinussen meiner Solbergs snuoperasjon har komme etter press frå rasande veteranar som hadde tenkt å levere tilbake medaljane sine i protest.

Solberg ville onsdag ikkje kommentere om ein regelendring ville komme 22-åringen til gode. Ho sa likevel til NTB at ho er opptatt av at dei som gjer teneste for norske styrkar i utlandet, skal behandlast på ein god måte.

– Eg ber derfor justisministeren gå gjennom praksis i samband med bruk av Dublin-forordninga ved behandling av asylsøknader frå personar som tidlegare har hatt eit tilsetjingsforhold til norske styrkar i Afghanistan. Det betyr at ein også må gjere ei vurdering av om personen som nyleg vart uttransportert, skal få sin asylsøknad behandla i Noreg, sa Solberg.

Tre dagar igjen
Faizullah Muradi jobba for det norske Forsvaret i Afghanistan. Han seier sjølv at han er stempla som forråder av Taliban, og at han blir truga på livet.

I utgangspunktet har han fem dagar på enten å søkje om asyl i Italia, eller søkje om å få opphaldsløyva fornya.

– Det hastar. No har eg tre dagar på meg til å få gjenopptatt saka min her i Italia. Skjer det ikkje noko innan den tid, kan eg bli sendt til Hellas, og deretter til Afghanistan, seier Faizullah Muradi til Dagbladet.

Saka til den afghanske tolken er behandla av Utlendingsdirektoratet (UDI) her heime. UDI meiner søknaden ikkje skal behandlast her i landet, og også i ankeinstansen Utlendingsnemnda (UNE) fekk han avslag. Årsaka er at han var to år i Italia før han kom til Noreg og søkte om asyl. I samsvar til Dublin-avtalen skal asylsøknaden behandlast i det første europeiske landet søkaren kjem.

Justisminister Anders Anundsen (Frp) opplyste onsdag ettermiddag at gjennomgangen av praksisen skal skje så fort som mogleg. (©NPK)

innenriks.vaktsjef@ntb.no