Ny app for mobilavhengige
Den nye appen BreakFree skal hjelpe mobilmisbrukarar på rett kjøl og stimulere menneskeleg kontakt.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Analyseselskapet Flurry har rekna ut at 176 millionar menneske i dag er avhengige av mobilen sin, det vil seie at dei bruker appane sine meir enn 60 gonger per dag.
BreakFree overvakar kort og godt mobilbruken og varslar når brukaren har passert grensa for «normal åtferd». Det er òg mogleg å avgrense tilgangen til internett, sende automatiske svar og stå over oppringingar.
– Vi vil at menneske skal innsjå at menneskeleg selskap er betre enn mobilselskap, seier han som har laga appen, Mrigaen Kapadia, til nyheitstenesta Mashable.
LES OGSÅ: Livet med dumtelefon
Bilde: Breakfree