KrF opnar for hestehandel om Grunnlova

Kristeleg Folkeparti opnar for å snu og sikre ei modernisering av språket i Grunnlova.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

KrF opnar for hestehandel

Til gjengjeld vil dei ha inn ein paragraf som slår fast dei menneskerettslege forpliktingane Noreg har.

Ingenting er avgjort før avstemminga på Stortinget tysdag, skriv Klassekampen.

– Dersom vi får gjennomslag for ein del formuleringar som er viktige for oss, kan vi vurdere det primære standpunktet vårt, seier Kristelig Folkepartis representant i kontroll- og konstitusjonskomiteen, Hans Fredrik Grøvan frå Vest-Agder, til avisa.

Både Kristeleg Folkeparti og Høgre har så langt gått mot forslaget om ein ny versjon av Grunnlova på både bokmål og nynorsk. Dei to partia har til saman nok stemmer til å blokkere forslaget – med to stemmers margin.

Men no opnar KrF for å snu heilt om, dagen før Stortinget skal behandle forslaget om språkfornying av Grunnlova.

Eitt av krava som KrF stiller for å støtte ei språkmodernisering, er at Grunnlova får ein ny paragraf som slår fast dei forpliktingane Noreg har etter dei internasjonale avtalane om menneskerettar.

Grøvan seier at han held alle moglegheiter opne.

– Vi vil setje oss ned med dei andre partia på Stortinget for å sjå om det er mogleg å komme fram til ein løysing.

Alle grunnlovsendringar krev to tredels fleirtal, det vil seie at minst 113 representantar må stemme for. (©NPK)

SKRIVEKONKURRANSE: Bør Grunnlova vera på både bokmål og nynorsk? Bli med på skrivekonkurranse!