Google: – Ja, me les e-posten din
IT-giganten Google har oppdatert vilkåra sine og tydeleggjort at selskapet analyserer innhaldet i epostane til gmail-brukarar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Formålet er å skreddarsy reklame til kvar enkelt brukar. Teksten i sendte og mottekne e-postar vert analysert automatisk ved hjelp av eit dataprogram.
Praksisen har ført til at Google er blitt saksøkt for ikkje å vareta personvernet til fleire hundre millionar menneske. Vilkåra som gmail-brukarane må godta, blei oppdatert måndag. (©NPK)