Sparer samfunnet for 2,7 milliardar

Ungdom som får støtte gjennom Kronprinsparets Fond aukar sjansen for å gjennomføre utdanning og få jobb.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sparer Noreg for 2,7 milliardar

Ved hjelp av ein ny målingsmetode har DNV GL, tidlegare Det Norske Veritas, rekna ut verdien av dei fire ungdomsprosjekta som vert støtta av Kronprinsparets Fond. Analysen av samfunnsnytten viser ei innsparing for samfunnet på 2,7 milliardar kroner i noverdi utifrå deltakarar gjennom 2013. Resultata viser 70 prosent auke i utdanningseffekt og 50 prosent auke av ungdom i jobb samanlikna med meir tradisjonelle tiltak for å fange opp barn og unge som fell utanfor. Kronprins Haakon er imponert over analysen:

– Dette er eit utruleg viktig stykke arbeid som er svært motiverande både for fondet og samarbeidsprosjekta våre. Vi håpar ein sånn måte å måle samfunnsnytte på kan komme fleire til gode. Det har stor verdi å vite meir konkret kva for resultat arbeidet fører til, seier han til NTB.

Større sjansar
Kronprinsparets Fond samarbeider med Pøbelprosjektet, Kjør for livet, GatekunstAkademiet og Arbeidsinstituttet i Buskerud. Prosjekta har ulik metodikk og fagleg opplegg, alle med det mål om å føre ungdom tilbake til utdanning og arbeid.

DNV GL har studert effekten av deltakinga for rundt 950 personar i prosjekta i 2013, samanlikna med tradisjonelle tiltak. Dei fann at sjansen for at snittdeltakaren oppnår vidaregåande kompetanse eller høgare var 61 prosent, mot 35 prosent sjanse for referansegruppene. Prosjektdeltakarane har vidare 62 prosent sjanse for å få jobb livet gjennom, medan sjansen for referansegruppene er rekna ut til 41 prosent.

Verdien av dette er rekna ut ved å sjå kor mykje samfunnet tener per krone som vert investert. DNV GL har konkludert med at for kvar krone ein puttar inn i prosjekta, får ein mest sannsynleg fem kroner igjen. Over eit livsløp for deltakarane anslår DNV at dette totalt utgjer 2,7 milliardar kroner som samfunnet sparer.

LES OGSÅ: Royalistane

I rett ånd
– Resultata er svært oppløftande. Dei viser at samfunnsnytten av dei fire prosjekta er veldig stor, seier dagleg leiar i Kronprinsparets Fond, Solfrid Flateby.

Ho understrekar at sjølv om målingsmetoden gir eit bilete av verdien prosjekta har, så kan ikkje effektane verdsetjast i kroner når det gjeld område som betre livskvalitet, betre psykisk helse og sterkare sosiale nettverk.

Undersøkinga viser at fleirtalet av ungdommane som deltar i prosjekta til fondet opplever ein positiv effekt av tiltaka.

Sjølv om ikkje fondet vert direkte forvalta av dei kongelege er det ingen tvil om at Kronprinsparets Fond er i kronprinsparets ånd. Dei to har engasjert seg sterkt for ungdom i fleire år.

I førre veke heldt kronprinsen blant anna opningstalen til Outreach Work-konferansen i Oslo og snakka om arbeidet:

– Det dreier seg om ikkje å sjå unge vanskelegstilte som eit problem, men om å sjå kva for ressursar dei har i seg, fastslo han der, ifølgje tidsskriftet Rus & samfunn.

Også helse- og omsorgsminister Bent Høie (H) deltok og understreka betydninga av førebyggjande arbeid:

– Vi må gi dei unge den hjelpa dei treng. Minst like viktig er det derimot å identifisere ungdom i risikosona på eit tidleg stadium, sa Høie. (©NPK)