Slik skal unge bli straffa
Regjeringa vil ha auka bruk av konfliktråd.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Unge som gjer mindre alvorlege lovbrot, skal straffast med det regjeringa kallar ungdomsoppfølging, går det fram av eit framlegg til ny konflikrådslov, som regjeringa la fram fredag.
Ungdomsoppfølginga skal saman med ungdomsstraffa, som Stortinget vedtok i 2012, danne ei kjede av alternative strafferettslege reaksjonar for unge lovbrytarar, skriv regjeringa i ei pressemelding.
Ansvaret for gjennomføringa er det konfliktråda som skal ha. Der skal òg dei ungdommane som har gjort mindre alvorlege lovbrot, møte dei som brotsverket har gått ut over.
– Målet er at ungdommen kjem styrkt ut av straffereaksjonen i staden for å bli stigmatisert og påverka i negativ retning. Gjennom tidleg innsats og koordinert bruk av fellesskapsressursane kan vi førebyggje ein vidare kriminell karriere for dei unge lovbrytarane, seier justis- og beredskapsminister Anders Anundsen (Frp) (©NPK).
LES OGSÅ: I fengsel for fyrste gong