Fiskeentusiasten flugefiska åleine i Hallingdal allereie som 20-åring, og tenkte at livet var uendeleg vakkert og breiddfullt av moglegheiter.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 29.01.2024 12:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Den kalde krigen dominerte, vi lærte at Russland kunne kome og ta oss når som helst, og eg hugsar at Reagan og USA forkludra biletet ved å finne på all verdas drit i Sentral-Amerika.

Det var sommaren 1986 at forfattar og musikar Lars Lenth fylte 20 år. I desse dagar er han TV-aktuell saman med Bård Tufte Johansen i NRK-suksessen «Jakten på monsterkveita», som handlar om nettopp det.

 

Lars Lenth

  • Forfattar, musikar og TV-profil
  • Fødd i 1966
  • Har gitt ut ei rekkje bøker om flugefiske og debuterte som romanforfattar med «Den same elva» (2007)
  • Har leia ei rekkje TV-program om fiske både saman med Bård Tufte Johansen og åleine
  • Aktuell med NRK-serien «Jakten på monsterkveita»

Fransk vin og Stabæk

På den tida jobba Lenth på rekvisittlager på Alexander Kiellands plass i Oslo, før han vende nasen ut i verda mot Montpellier i Frankrike for å læra fransk, drikka billeg vin og ha det så morosamt som mogleg.

I Noreg gjekk kvardagen med til fotball på Stabæk, å spela i rockeband og å fiska med tørrfluge heilt ålene i Hallingdal.

– Eg hugsar òg at fotball var skikkeleg lågstatus. Var ein glad i kultur, syntest ein fotball var teit. Det var ikkje før Drillos plutseleg blei gode at fotball blei ei kul greie.

Amerikanske band

Etter kvart gjekk dagane med til franskstudium med mademoiselle Poisson på dagtid og bar på kvelden for å finpussa fransken og læra mest mogleg om fransk historie og kultur.

Musikk var det desidert viktigaste, men Lars Lenth fann òg tid til å gå på kino fleire gongar i veka.

– Etter å ha vore ekstremt opptatt av britisk post-punk sidan 1980, hadde fokus dreidd over til USA og amerikanske band, litt fordi eg nyleg hadde budd der sjølv, men mest fordi nokre karar i musikkmagasinet Beat fortalde oss at dei amerikanske roots-artistane (americana) var mykje meir «ekte» enn dei outrerte og jålete britiske greiene. Eit par år seinare snudde det sjølvsagt igjen.

Pamplona og Cirkus Arnardo

– Kven var den viktigaste personen i livet ditt?

– Eg må nok innrømma at eg levde i den villfaringa at eg sjølv var den viktigaste personen i livet mitt. Temmeleg flautt å tenkja på i dag, men sånn var det.

– Hugsar du 20-årsdagen din?

– Det begynte med Cirkus Arnardo på sletta ved det gamle Munch-museet, så var det pizza på Peppes på Solli (Pigs Knuckle), så bowling i kjellaren før vi avrunda med det svenske bandet Lolita Pop på Sardines under konserthuset. Det var ein perfekt sommardag i Oslo.

Det sterkaste minnet frå det året var likevel Pamplona-festivalen i Spania. Saman med reisefølgjet las han seg opp på Ernest Hemingway (Solen går sin gang) og Erling T. Gjelsvik (Dødt løp) og drog av stad.

– Mange sterke inntrykk, mange sjuke opplevingar som ikkje eigna seg på trykk og ein følelse av å vera med på noko frykteleg eksotisk. Vi har alltid hevda at vi var der rett før storinnrykket av turistar frå USA og Nord-Europa, men det var sikkert berre vi som valde å ignorera alle menneska med lyst hår.

Musikar, flugefiskar eller forfattar

– Visste du kva du skulle bli i livet?

– Eg trur eg var skråsikker på at eg ville bli musikar. Eller skodespelar. Eller forfattar. Eller flugefiskar. Eg hugsar ikkje heilt.

– Hugsar du korleis du tenkte om livet og om framtida?

– Eg tenkte at livet var uendeleg vakkert og breiddfullt av moglegheiter. Det var først nokre år seinare at eg skjønte at det var ei sanning med modifikasjonar.

Skråsikker 20-åring

– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

– Jøss, kva er det for ein i overkant skråsikker, sjølvsikker, besserwisser-tøff i trynet-fjompenisse?

– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

– Hald hjartet ditt fritt for hat og irritasjon, ver audmjuk, lev enkelt, ha låge forventningar til livet og gi mykje. Oppsøk sola, hald deg unna skuggen, ikkje tenk så mykje på deg sjølv, men tenk mykje på andre. Og hugs: Livet er som å sykla: for å halde balansen, må du vera i bevegelse.