Frankrike flyttar heimlause ut av Paris
Byen førebur seg på å arrangere dei olympiske leikane neste sommar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Denne saka var først publisert hjå Framtida Junior.
Dei siste månadene har franske myndigheiter flytta heimlause i Paris til andre delar av Frankrike. Ifølge myndigheitene flyttar dei mellom 50 og 150 menneske kvar veke.
Myndigheitene seier at dei flyttar dei heimlause fordi det ikkje er nok akuttovernattingar i Paris. Men ifølge CNN meiner nokre organisasjonar at OL er ein del av grunnen til flyttinga den siste tida. Neste sommar arrangerer nemleg Paris dei olympiske leikane.
Færre sengeplassar for heimlause
Rundt halvparten av alle heimlause i Frankrike bur i Paris og området rundt hovudstaden. Der er det mange jobbmoglegheiter, hjelpeorganisasjonar og hotell som tilbyr sengeplassar for heimlause.
Fleire hotell i Paris har kontraktar med myndigheitene om å ha akuttovernattingar som heimlause kan bruke. Men fleire hotell har avslutta kontraktane sine. Paul Alauzy frå organisasjonen Medecins Du Monde seier til CNN at hotella ønsker å gi plass til turistane som er venta å komme til neste år i staden for.
Ifølge CNN nektar franske myndigheiter for at det er ein samanheng mellom flyttinga av heimlause og dei olympiske leikane.