Laugsand støttar Borten Moe
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I valkomiteen fremma Erling Laugsand Senterungdommens syn om at Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim bør bli ny nestleiar i moderpartiet, men til NRK fortel leiaren i Senterungdommen kven han personleg ser at får nestleiarvervet.
– Me har tre dyktige kandidatar til nestleiarplassen. Eg personleg støttar Ola Borten Moe sitt kandidatur, seier Laugsand, til NRK Trøndelag.
LES OGSÅ: Sp-ungdommen vrakar Borten Moe
– Delte meiningar
Valkomiteen la nyleg fram ei innstilling, der fleirtalet ville ha Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim som ny nestleiar. Laugsand var mellom dei som sat i denne komiteen.
– I valkomiteen har eg fremma Senterungdommens syn, om at Tvinnereim bør bli den nye første nestleiaren. Men det er delte meiningar om dette i partiet, seier ungdomspolitikaren.
LES OGSÅ: Borten Moe må kjempa om nestleiarvervet
Framtid med Borten Moe
Laugsand meiner partiet bør tenkje nytt etter åtte år i regjering, og at Borten Moe er ein politikartype Senterpartiet vil ha trong for framover.
Han vonar at det vert ro i partiet når eit val er gjort på det ekstraordinære landsmøtet 7. april.
– Det er brukt mykje tid og ressursar på å diskutera personar. Framover er det stort behov for å diskutera politikk, i staden for å slåss internt, meiner Laugsand, som trur at partiet vil samla seg om dei som vert vald inn i toppleiinga.
LES OGSÅ: Ni fylkeslag vil vrake Borten Moe