Skal du førehandsstemme må du gjere det i dag
I dag 8. september, er siste sjanse til å førehandsstemme. Oppheld du deg i ein annan kommune enn den du er folkeregistrert i må du altså stemme i dag.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Om du er student tilrår Valdirektoratet deg å sjekke i valkortet ditt kvar du har stemmerett, slik at du rekk å førehandsstemme om du har behov for det.
På valdagen må du stemme i den kommunen du har stemmerett i. Det vil seie den kommunen du var registrert som busett per 30. juni 2023.
Før siste dag av førehandsstemmeperioden har 1 123 339 veljarar førehandsstemd. Det er 31,6 prosent fleire enn ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2019.
Dersom du har lyst til å stemme på valdagen skjer dette måndag 11. september. I nokre kommunar er det to valdagar, søndag og måndag.
● Les også: Nesten vaksen: Dette må du vite før du stemmer