Regissør nominert for beste foto
Nominasjonane til Kanonprisen er klare. «Eventyrland» og «Tusen ganger god natt» leiar an med fem nominasjonar kvar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Regissør kan vinne beste foto
I år er tiande gongen den norske Kanonprisen, som er den norske filmbransjen sin eigen pris, delast ut. Utdelinga finn stad den 28. april, på opningsdagen til Kosmorama, Trondheim internasjonale filmfestival.
Det er medlemmane i bransjens fagforbund som har stemt fram sine kollegaar til prisane i dei elleve kategoriane.
LES OGSÅ: Dette er årets mest sette film
Kritikarfavoritt
Dei som ligg best an til å få med seg prisar heim frå Trondheim er Eirik Poppe sin «Tusen ganger god natt» og Arild Østin Ommundsen sin «Eventyrland».
Begge filmane er nominert i viktige kategoriar som: beste regi, beste manus, beste kvinnelege hovudrolle og beste foto. Dei fekk begge terningkast fem av NRKs Filmpolitiet og «Tusen ganger god natt» vann førre veke Filmkritikarprisen.
Iram Haq sin spelefilmdebut «Jeg er din», er ein annan av filmane som utmerkar seg med nominasjonar i mellom anna klassane for beste regi og manus. Filmen var Noregs Oscar-kandidat til årets utdeling, men vart ikkje blant dei nominerte til beste utanlandske film.
Familieprosjekt
Litt spesielt er det at regissør Arild Østin Ommundsen sjølv er nominert for beste foto. Stavangerregissøren har både skrive, filma og regissert «Eventyrland», der kona Silje Salomonsen har hovudrolla som Jenny. Òg dottera til Ommundsen har ei sentral rolle i filmen, som dottera til Jenny.
Her er alle dei nominerte:
Beste kvinnelege hovudrolle
• Juliette Binoche (Tusen ganger god natt)
• Marie Blokhus (Jag etter vind)
• Silje Salomonsen (Eventyrland)
Beste mannlege hovudrolle
• Aksel Hennie (Pionér)
• Espen Klouman Høiner (En som deg)
• Nicolaj Coster-Waldau (Tusen ganger god natt)
Beste birolle
• Herbert Nordrum (Pornopung)
• Per Schaanning (Detektiv Downs)
• Sven-Bertil Taube (Jag etter vind)
Beste produksjonsdesign
• Karl Júlíusson (Pionér)
• Martin Gant (Gåten Ragnarok)
• Peter Bävman og Are Sjaastad (Victoria)
Beste lyddesign
• Christian Schaanning (Gåten Ragnarok)
• Håkon Lammetun (Kill Buljo 2)
• Tormod Ringnes (Solan og Ludvig – Jul i Flåklypa)
Beste klipp
• Anders Teigen og Marius Smit (Søsken til evig tid)
• Karsten Meinich (En som deg)
• Robert V. Stengård (Optimistene)
Beste foto
• Arild Østin Ommundsen (Eventyrland)
• John Christian Rosenlund (Tusen ganger god natt)
• Marius Matzow Gulbrandsen (Før snøen faller)
Beste filmmusikk
• Ginge Anvik, Kate Havnevik, Stein Johan Grieg Halvorsen og Eyvind Andreas Skeie (Mormor og de åtte ungene)
• Jan Bang, Erik Honoré, Gaute Storaas og Arve Henriksen (Victoria)
• Ola Kvernberg (Jag etter vind)
Beste produsent
• Arild Østin Ommundsen og Gary Cranner (Eventyrland)
• Cornelia Boysen (Solan og Ludvig – Jul i flåklypa)
• Maria Ekerhovd (Jeg er din)
Beste manus
• Arild Østin Ommundsen (Eventyrland)
• Erik Poppe og Harald Rosenløw-Eeg (Tusen ganger god natt)
• Iram Haq (Jeg er din)
Beste regi
• Arild Østin Ommundsen (Eventyrland)
• Erik Poppe (Tusen ganger god natt)
• Iram Haq (Jeg er din)
Kjelde: Kosmorama