359 millionar til nye studentbustader
Til saman 1.259 nye studentbustader skal byggast i år. Dei store studentbyane Oslo, Trondheim og Bergen får flest nye bustader.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
359 mill til nye studentbustader
Det skal byggast 276 nye studentbustader i Oslo, 174 studentbustader i Trondheim og 140 studentbustader i Bergen.
– Vi har valt å tildele om lag tre firedelar av tilskota til pressområda, fordi vi meiner at behovet er størst på desse stadene. Samtidig ser vi at det også er behov for fleire studentbustader andre stader i landet, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) i ei pressemelding.
Kunnskapsdepartementet gir omtrent 359 millionar kroner til bygging av 1.259 nye studentbustader.
– No er det viktig at studentsamskipnadene held trykket oppe på utbygginga, slik at vi får god framdrift i prosjekta, seier Isaksen.
Her kjem det nye studentbustader:
Haugesund |
50 |
Kristiansand |
60 |
Sandnes og Stavanger |
93 |
Oslo |
276 |
Ås |
50 |
Bergen |
140 |
Trondheim |
174 |
Drammen |
50 |
Sogndal |
50 |
Tønsberg |
58 |
Elverum |
2 |
Halden |
50 |
Bodø |
105 |
Tromsø og Svalbard |
50,5 |
Porsgrunn |
50 |