Forskar vil ha 100.000 kroner i «elgbøter»
Elgforskar Torstein Storaas er ikkje nøgd med tiltaka for å redusere talet på påkøyrsler av elg. Han meiner Vegvesenet og Jernbaneverket bør få bøter per påkøyrsel.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Forskar vil ha «elgbøter»
Nesten 15.000 kollisjonar mellom køyretøy og elg er registrert dei siste fem åra, og 400 tilfelle er registret hittil i år. No vil ein av dei leiande elgforskarane i landet ha kraftige økonomiske sanksjonar for å få ned talet på påkøyrsler.
LES OGSÅ: Fann urgamal elg
Påkøyrd elg per kilometer
– Nokre påkøyrsler må vi akseptere, men dersom det blir køyrt ned meir enn ei visst mengd elg per kilometer, må Vegvesenet og Jernbaneverket begynne å betale for dei elgane. Eg ser for meg bøter på over 100.000 kroner, seier Torstein Storaas ved Høgskolen i Hedmark til P4.
Ifølgje kanalen dør det i snitt to personar i såkalla viltulykker per år.
Jernbaneverket ueinige
Pressesjef Jan Erik Kregnes i Jernbaneverket meiner den sekssifra bota er feil veg å gå, men innser at elgferdselen i togsporet er eit problem.
– I vintersesongen er det lettvint for elgane å gå i togspora, og vi har spesielt opplevd påkøyrsler på Røros- og Nordlandsbanen. Vi har alt program med Vegvesenet og kommunane for å få ned talet på påkøyrsler av elg, som kostar pengar å drive. Ei bot på toppen synest eg er feil måte å angripe problemet på, seier Kregnes til NTB. (©NPK)