Største Loch Ness-søk på 50 år
Ved hjelp av dronar og lytteutstyr skal ein freiste å finne det segnomspunne sjømonsteret Nessie.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I årevis har det blitt fortald historier om og leita etter eit uhyre i Loch Ness-innsjøen ved Inverness i Skottland.
Neste veke samlar hundrevis av Loch Ness-entusiastar seg for å leite etter det. Det er den største leitinga på 50 år, skriv The Guardian.
Ny teknologi
Søket er organisert av Loch Ness-senteret i Drumnadrochit og forskarar frå Loch Ness Exploration. I løpet av to dagar vil dei søke etter rørsler i vatnet som kan tyde på at det inneheld noko større enn vanleg fisk.
Kanskje vil ny teknologi endeleg gje svar på om «Nessie» eksisterer. I overflatesøket vil dei nemleg bruke utstyr som aldri før har vore brukt for å leite etter sjømonsteret, som dronar, infraraudt kamera og instrument for å fange opp lyd under vatn, skriv VG.
Historisk monster
Den første gongen ein kjenner til at sjømonsteret er blitt observert, er så langt tilbake som på 500-talet, då den irske munken Columba skal ha møtt på eit sjøuhyre.
I 1933 var det blest rundt monsteret, etter at folk meinte bygginga av ein veg hadde vekt det til live att.
Seinare er det gjort fleire forsøk på å spore opp sjømonsteret, men det har ikkje blitt bevist at det eksisterer.
I 2018 leita forskarar etter DNA som kunne påvise ein stor sjøorm i innsjøen, men dei kom fram til at det ikkje var tilfelle.
Myten og håpet lever likevel vidare for somme, og 26. august vil det igjen bli jakta på svar.
– Håpet vårt er å inspirere ein ny generasjon Loch Ness-entusiastar, og ved å bli med på dette storskala overflatesøket, vil du ha ei reel moglegheit til å personleg bidra til dette fascinerande mysteriet som har fengsla så mange menneske rundt om i verda, seier Alan McKenna frå Loch Ness Exploration til The Guardian.