Ove skaut breiflabb med salongrifle
Då sonen og barnebarnet oppdaga ein stor breiflabb i fjøresteinane, fann Ove Knarvik fram salongrifla.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Skaut breiflabb med salongrifle
Det var tirsdag ettermiddag at Thore Knarvik og sonen Oliver oppdaga den store fisken som låg og plaska i fjøra i Knarvik nord.
LES OGSÅ: Fanga verdas største breiflabb
Bygdecowboy, far og bestefar, Ove Knarvik, vart tilkalla. Han skjøna ifølgje sonen raskt at det ikkje var eit dyr som låg i fjøra, og var kjapp med å låsa ut salongrifla frå våpenskapet.
– Han hadde nemleg sett det same for mange år sidan, skriv Thore Knarvik i ein e-post til Nh.
LES OGSÅ: Litt for stor i kjeften
LES OGSÅ: Kjempebreiflabb i garnet
Bygdecowboyen lada salongrifla, fann breiflabbhovudet i kikkertsiktet og fyrte av. Då roa flabben seg ned, og ikkje lenge etter var den 18 kilo tunge fisken på land og flådd.
– Det heile likna den alligatorjakta ein kan sjå på fjernsyn frå USA, seier Thore Knarvik, som meiner dette må vera sjølve definisjonen på kortreist mat.
LES OGSÅ: Ein slik har du neppe sett før