Professorar åtvarar mot Pisa-hysteri

To professorar som var med på å starta internasjonale elevtestar, meiner Pisa-undersøkingane har fått altfor stor makt over skulen.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Åtvarar mot Pisa-hysteri

– Eg er skuffa over korleis PISA-undersøkinga blir brukt. Ein legger for stor vekt på Pisa og tilskriv den nesten mytiske eigenskapar, seier den svenske professoren Ulf Lundgren til Klassekampen.

Pisa-undersøkinga måler ferdigheitane til elevane i OECD-elevane innan matte, lesing og naturfag.

LES OGSÅ:– Skulen må opna seg mot samfunnet

Lundgren har blitt kalla far til Pisa-undersøkingane fordi han var med på å grunnleggja undersøkinga på 1990-tallet. Han meiner testen i seg selv er god, men at den no blir misbrukt i den offentlige debatten om skulen.

– Pisa-prøvane måler ikkje nødvendigvis det som dei enkelte landa synest er viktigast. Me byrjar å koma i ein situasjon der desse prøvane blir eit styringsinstrument. Faren er at me innrettar skulen slik at ein blir betre på Pisa, seier Lundgren.

Fysikar og professor i pedagogikk ved Universitetet i Oslo, Svein Sjøberg, er samd. Han seier til Klassekampen at Pisa trumfar nasjonale målsettingar i skulen, og at høg PISA-score har blitt eit mål i seg sjølv.

LES OGSÅ:Karakter-jag skaper færre gründerar