Alle tilrår Time
Voss, Førde og Bømlo er også blant dei kommunane som flest innbyggjarar tilrår andre å flytta til.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Alle tilrår denne kommunen
100 prosent av dei spurte i Time kommune tilrår andre å flytta til kommunen deira. Det viser nye tal frå analysebyrået EPSI. Dei har gjennomført nær 20.000 intervju med nordmenn og norske bedrifter.
9 av 10 nordmenn svarer ja på spørsmålet om dei ville tilrådd andre til å flytta til sin kommune. Voss er på delt 5. plass i Noreg med 97 prosent tilråding. 95 prosent tilrår å bu i Førde og 94 prosent tilrår Bømlo.
Personer i mindre kommunar er mindre tilbøyelege til å tilrå andre å flytta til sin kommune samanlikna med landsgjennomsnittet.
Vidare så seier 9 av 10 bedrifter i Noreg at de ville tilrådd andre bedrifter å etablera seg i sin kommune. Denne studien viser at bedrifter i Ringsaker kommune har sterkast tilrådingsgrad. Klepp og Voss er på høvesvis 9. og 11. plass. Større bedrifter er meir nøgde enn mindre bedrifter.
QUIZ: Veit du kvar dette er?