Elise er Nordhordlands beste
No skal ho opp mot norgeseliten.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Elise til NM i sveising
– Det er kjekt men vanskeleg, det seier Elise Alver til avisa Nordhordland.
Onsdag denne veka var ho med og konkurrerte mot tre andre lærlingar om kven som er den beste sveisaren i Nordhordland.
– Øving til fagprøven
Vinnaren fekk i premie å reisa til noregsmeisterskapen, der ho får
møta dei flinkaste,unge sveisarane i landet.
– Eg er med for å få øving til fagprøven eg skal ta til våren, seier ho og kallar konkurransen for god læring.
Til no har ho gått i lære hjå Frank Mohn på Flatøy, men i mai er læretida hennar over.
LES OGSÅ: Kvar gong Cecilie er på jobb, tener Noreg millionar
Elise er ferdig med jobben, og ventar spent på resultatet. Foto: Yngve Garen Svardal
Ingeniørstudent
– Kva skal du verta når du vert stor?
– Eg skal søka meg inn på ingeniør-utdanninga på Høgskulen i Bergen, seier ho.
Kva linje har ho ikkje bestemt seg for enno.
– Kvifor starta du på denne utdanninga?
– Då får ein praktisk erfaring med korleis det er på verkstaden, seier ho.
Nordhordlandsmeisterskapen i sveising vert arrangert årleg, og alternerer mellom RadøyGruppen, som arrangerte det i år, og Frank Mohn på Flatøy.
– Dette gjer vi for å få initiativ og pågangsmot hjå sveisarane, og visa dei kva dei kan utdanna seg til vidare, seier Trond Andre Villanger til avisa Nordhordland.
Vil få med fleire
Han seier at sveiselærlingane kan bli både sveiseinspektørar og ingeniørar, som Alver har planar om å verta.
Førebels er det berre i Nordhordland denne konkurransen vert arrangert i fylket.
– Vi prøver å få med fleire, men det er ikkje så lett, seier Villanger.
Dette var tredje året sveisekonkurransen for lærlingar og dei som nyleg har tatt fagbrev, vart arrangert, i regi av NHIL, Opplæringskontoret for Nordhordland og del lokale næringslivet.
Daniel Hamre, Frank Mohn fekk andreplass medan Alexander Lygre frå Caverion fekk den siste pallplassen.