Tvillingpandaer fødde i Sør-Korea

Tvillingane blei fødde fredag 7. juli.

Synne Ulltang
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka vart fyrst publisert hjå Framtida Junior.

The Korea Herald skriv at fødselen skjedde i Everland, ein fornøyelsespark sør for hovudstaden Seoul som også har ein dyrehage.

Dei to bjørnungane er jenter og veg berre 180 og 140 gram. Dei har ikkje fått namn enno.

Nesten halvparten av alle pandafødslar er tvillingar. Likevel er dette første gong eit tvillingpar blir fødde i Sør-Korea.

Pandaforeldra Ai Bao og Le Bao kom til Sør-Korea i 2016 og er på lån frå Kina.