Nyheitsquiz veke: Rekordar, vinnarar og Michelin-stjerner
Har du fått med deg alt som har skjedd den siste veka?

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Quiz: Nyheitsquiz veke 24
- Spørsmål 1 av 11
1.
Kva tidlegare europeiske statsleiar dydøde denne veka?
Rett!
Den tidlegare italienske statsministeren Silvio Berlusconi døydde på sjukehus av leukemi. Gjennom si politiske karriere fekk han 50 mistillitsforslag, vart fengsla for korrupsjon og grunnla den største kommersielle mediekringkastaren i Italia.
Feil!

- Spørsmål 2 av 11
2.
Kva for ein liten stad har kjendisforfattar Jørn Lier Horst og mangemillionær Magnus Rønningen nærmast kjøpt opp?
Råte tyle at du svarte rett!
Jørn Lier Horst og Magnus Rønningen har saman med investorar gått inn og kjøpt opp store delar av Vågåmo i Vågå kommune. Dei har hyra inn Snøhetta for å teikne korleis staden skal bli og ynskjer å etablere eit Vågåmo som ein sentral stad for fjellturisme.
Dette var låkt for her svarte du feil!
Jørn Lier Horst og Magnus Rønningen har saman med investorar gått inn og kjøpt opp store delar av Vågåmo i Vågå kommune. Dei har hyra inn Snøhetta for å teikne korleis staden skal bli og ynskjer å etablere eit Vågåmo som ein sentral stad for fjellturisme.
- Spørsmål 3 av 11
3.
Kva NRK-satsing blir lagt ned?
Rett!
Det er NRK-satsinga 4 ETG som blir lagt ned, ifølgje Dagbladet. Redaksjonen har kontrakt ut juni, og arbeider no med å få ferdig det siste stoffet sitt, blant anna ein siste video til Youtube-kanalen deira.

- Spørsmål 4 av 11
4.
Vi har fått med oss at Erling Braut Haaland og laget Manchester City, har vunne Champions League, men dei har også vunne «The Treble». Kva er det?
Rett!
Manchester City har vunne «The Treble», sidan dei tok siger i både Champions League, Premier League og FA-cupen.

- Spørsmål 5 av 11
5.
Måndag vart det delt ut Michelin-stjerner for fleire restaurantar. Maaemo er den norske restauranten med flest stjerner, men kor mange har dei?
Rett!
Maaemo har tre Michelin-stjerner. I tillegg var det seks nye norske restaurantar som fekk utdelt stjerner: À l’Aise, Stallen, Sabi Omakase Oslo, Savage, Mon Oncle, alle i Oslo, pluss K2 i Stavanger

- Spørsmål 6 av 11
6.
Kva film har flest nominasjonar ril Amandaprisen i år?
Rett!
Det er Ellos Eatnu – La elva leve som har flest nominasjonar til den norske filmprisen, med åtte nominasjonar. Krigsseileren er like bak med 7.

- Spørsmål 7 av 11
7.
Over frå film til musikalprisar: Tony-utdelinga for i år vart historisk. Kvifor?
Rett!
J Harrison Gee (33) og Alex Newell (30) er dei fyrste ikkje-binære skodespelarane som har vunne Tony-pris.

- Spørsmål 8 av 11
8.
Kven var det som tok den nye norske rekorden i 400 meter flatt på Bislett Games?
Rett!
Det var Håvard Bentdal Ingvaldsen som slo Karsten Warholm sin gamle rekord på 400 meter flatt. 20-åringen sprang inn på 44.86 sekund og kan difor glede seg over å ha den nye norske rekorden.

- Spørsmål 9 av 11
9.
Kva ny jobb har Kristofer Hivju fått?
Rett!
Kristofer Hivju skal vere ekspertkommentator under NRK si dekning av NM i diskgolf. Skodespelaren byrja med sporten for fem år sidan, og seier han sidan då er blitt besett av hobbyen.

- Spørsmål 10 av 11
10.
Kva førte Beyoncé-konserten i mai i Sverige til?
Rett!
Analytikarar peikar på konserten som Beyoncé hadde i Stockholm som ein av grunnane til at inflasjonen i mai var høgare enn venta. Konserten bidrog truleg blant anna til at prisar på hotell og restaurantar auka.

- Spørsmål 11 av 11
11.
Kven har hjelpt Paul McCartney å skrive ein av songane han ferdigstiller no?
Rett!
Paul McCartney har brukt kunstig intelligens for å skilje ut John Lennon si stemme frå ein gamal demo for å lage ein ny Beatles-song.

Resultat:
Vurdering:
Treng du å friske opp kunnskapen?

Pressekonferanse om statsbudsjett, Freiauret på Karl Johan og SIlvio Berlusconi. Kollasj av Framtida. Foto: Peder Mydske / Stortinget via Flickr, Stefan Schäfer, Lich, CC BY-SA 3.0, via Wikimedia Commons og European People’s Party, CC BY 2.0, via Wikimedia Commons