Jaktar på grøn glid
Norske forskarar leitar etter skismurning for framtida i samarbeid med SWIX. Planen er å få både meir miljøvennleg smurning og betre glid.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Når prosjektet er ferdig om to og eit halvt år, skal ny teknologi ha erstatta mange av dagens fluorkarbon med meir miljøvennlege forbindelsar, og nanomaterialar – som skal auke farten på skia.
– Klarer vi å føre smurningen i ei grønare retning, vil det gi ein konkurransefordel. Får vi også til endå betre glideeigenskapar, oppnår vi både i pose og sekk, seier materialforskar i SWIX, Christian Gløgård til forskingsformidlaren Gemini.
I dag har SWIX, som også omfattar merkenamnet Toko, kontroll på to tredelar av verdsmarknaden. Ifølgje Finansavisen er totalmarknaden anslått til 400 millionar kroner. SWIX satsar derfor tungt på å gjere smurningen grønare.
– Målet med prosjektet er å finne materialar med låg friksjon som kan erstatte nokre av fluorkomponentane som vert brukte i dag, seier seniorforskar Monika Pilz i Sintef.
Å fjerne eller erstatte dagens fluorkomponentar i smurningen, er ikkje lett. Dagens smurning inneheld desse komponentane, fordi det gir svært gode glideeigenskapar. Samtidig er dei smuss- og vassavstøytande. Problemet er at fluorkarbona har lang nedbrytingstid. (©NPK)