Debatt
Publisert

Er du ein fantasy-elskar, eller er du kanskje ny til sjangeren? Tyra Grasmo i Hyperion – Norsk Forbund for Fantastiske Fritidsinteresser har plukka ut ti fantasybøker og -seriar som utfordrar fantasy-tropar, og som toppar favorittlista hennar.

Discworld – Sir Terry Pratchett

Bokomslag

Omslag: Corgi

Discworld av Sir Terry Pratchett er ein ikonisk bokserie med over 40 bøker, og er min absolutte favorittserie.

Bøkene er sett i verda «Discworld», ei flat verd som balanserer på fire elefantar, som står på ryggen til ei gigantisk skjelpadde som svømmer gjennom verdsrommet.

Bøkene er ei blanding av humoristisk fantasy og satirisk samfunnskritikk, fylt med magi, troll, hekser, vampyrar og mykje meir.

Serien består av fleire underseriar som er ganske forskjellige, og eg ville ikkje tilrådd å starte med bok nr. 1, The Color of Magic, som ber preg av si tid, då ho blei skriven i 1983.

I staden anbefaler eg å starte med anten The Night Watch-serien, The Witches-serien eller den frittståande boka Monstrous Regiment.

The Night Watch følgjer nokre slitne politikonstablar i storbyen Ankh-Morpork. Serien startar med romanen Guards! Guards! som inkluderer drakar, politiske plott og ein stor dose britisk humor.

The Witches handlar om eit knippe hekser i ein fjellandsby som brukar dei magiske kreftene sine og sunn fornuft til å overkomme farane som trugar området deira, både innad og utanfrå. Serien startar teknisk sett med Equal Rites, som er verd å lese, men han kjem ordentleg i gang med Shakespeare-inspirerte Wyrd Sister.

Monstrous Regiment handlar om unge kvinner som drar i krigen for å leite etter sine brør og ektemenn. Boka er litt annleis enn resten av Pratchett sine bøker, men full av den same type skarpe og intelligente humoren som kjenneteiknar heile Pratchetts forfattarskap.

The Blade Itself (The First Law) – Joe Abercrombie

Bokomslag

Omslag: Orion Publishing Group

The First Law-serien av Joe Abercrombie er, etter Discworld, ein av mine favorittseriar innan fantasy.

Serien følgjer fleire antiheltar som Abercrombie får oss til å heie på sjølv om dei på kvar sine måtar gjer grufulle handlingar.

Første bok i serien, The Blade Itself, introduserer hovudpersonane Logan Ninefingers, ein lågmælt barbar med ei mørk side, Jezal, ein bortskjemt adelsmann og sverdmeister og ein hemnfull og bitter rømt slave ved namn Ferro.

Dei blir sende på ei lang reise av magusen Bayaz på eit oppdrag fylt av magi, vald og farar rundt kvart hjørne. Samstundes følgjer vi politiske intrigar og forskjellige krigar gjennom auga til den forkrøpla torturisten San dan Glockta og Logans tidlegare sverdbror Dogman. Trass i at Glockta på mange måtar er den kjipaste hovudpersonen, er hans indre monolog både så skarp og humoristisk at boka er verd å lese berre av den grunn.

Bøkene er ganske mørke, intense og eksplisitte. Passar ikkje for yngre lesarar eller sarte sjeler.

  • Bøkene er òg omsett til norsk med tittelen «Sverdet alene» (Den første loven)

Assassin’s Apprentice (Farseer Triology) – Shaman’s Crossing (Soldier Son) Robin Hobb

Bokomslag

Omslag: HarperCollins Publishers

Assassin’s Apprentice av Robin Hobb er starten på ei lang, episk og rik forteljing om Fitz, ein adeleg bastard som blir sett i lære under den kongelege leigemordaren Shrewd. 

Fitz har ei magisk evne til å bonde med eit dyr, noko som er ulovleg. Når han likevel ved eit uhell bondar med ein ulv, må Fitz unngå forfølging, samstundes som han navigerer dei politiske intrigane til hans adelege uekte familie. Fitz knyter også sterke band til hoffnarren «The Fool», som utviklar seg til eit av dei vakraste og mest bittersøte venskapa eg har lese.

Bokserien er både vakker, spanande og djup, og det er lurt å ha eit lommetørkle klart til å tørke tårer medan ein les. 

For ei heilt unik skildring av magi og ein annleis type fantasy anbefaler eg Shaman’s Crossing av same forfattar.

The Lies of Locke Lamora (Gentleman Bastard) – Scott Lynch

Bokomslag

Omslag: Orion Publishing Co

Serien av Scott Lynch er sett i ei verd laust basert på renessanse-Italia og handlar om den sjarmerande svindlaren og con artisten Locke Lamora og banden av foreldrelause såkalla «Gentlemen Bastards».

Full av politisk intrige i byens undergrunnsmiljø og episke tjuveri, målar Lynch eit rikt bilete av Lockes oppvekst og tidleg vaksne liv. Boka inneheld nokre mørke tema, som vald, slaveri og djup sorg, og dessutan intime scener. 

  • Boka er òg omsett til norsk som «Løgneren Locke Lamora».

City of Brass (Daevabad Triology) S.A. Chakraborty

Bokomslag

Omslag: HarperCollins UK

The City of Brass av Shannon A. Chakraborty er første bok i den mytiske Daevabad Triology-serien.

Svindlaren Nahri blir dratt frå Kairos gater på 1700-talet til eit mystisk arabisk-inspirert land der mytar og magi er ekte, etter at ho ved eit uhell manar fram ein djinn som er like slu og intelligent som ho sjølv.

Ho blir vikla inn i maktkampane og dei politiske intrigane ved hoffet i den magiske byen Daevabad, der lojalitet, kjærleik, ambisjon og tru blir sett på spel.

Ein spanande, romantisk og magisk serie, med ein annan atmosfære enn dei fleste fantasybøkene eg har lese. 

Hobbiten – J.R.R. Tolkien

Bokomslaget syner ein drake i ein skog og eit blad som fell.

Omslag: Tiden

Hobbiten er den velkjente prologen til Ringenes Herre av J.R.R. Tolkien. Boka er ganske annleis enn filmatiseringa i tre delar som kom ut for nokre år sidan.

Det er ei kort og utruleg vakkert skriven barnebok som er like interessant for vaksne.

Ein følgjer Bilbo Baggins (Bilbo Lommelun) på eit eventyr med ein bande dvergar og trollmannen Gandalf for å leite etter ein skatt, som blir vakta av draken Smaug.

Elegant, morosam og tankefull – dette er ei bok alle fantasy-entusiastar bør lese.

Skammarens Dotter – Lene Kaaberbøl

Bokomslag som syner ei jente med intenst, grønt blikk og soldatar i bakgrunnen.

Omslag: Samlaget

Skammarens Dotter av Lene Kaaberbøl er også teknisk sett ei barnebok, men ho taklar seriøse og djupe tema og passar like bra for vaksne. 

Dinas mor er ein såkalla «skammar», ein som kan sjå inn i dei mørkaste løyndommane til andre og få dei til å tilstå berre ved å sjå dei i auga.

Det er ein viktig jobb i samfunnet dei lever i, samstundes som det ber mykje stigma og hat. Dina og fyrstesonen Nico blir dratt inn i eit plott av den vonde Drakan og må setje på rømmen. 

Ho er opphaveleg skriven på dansk, men har ei utmerkt omsetjing til nynorsk.

Drakeguten – Asbjørn Rydland

Bokmomslaget syner ein ung gut med vind i håret. Tekst: Drakeguten. Du er den utvalde, men kven kan du stola på?

Omslag: Samlaget

Drakeguten er første bok i ein nynorsk oppvekst-fantasyserie om stallguten Kol og hans veg mot å bli mann og krigar.

Kol bur saman med faren sin i den vesle landsbyen Kervad, men han drøymer om å bli ein stor krigar og kunne gjere det han vil. Når den mystiske Eran dukkar opp i byen og tilbyr å lære Kol å slåst, og dessutan om drakar og Nordavinden som kviskrar til han, blir Kol konfrontert med spørsmålet: Kven kan du stole på?

Dette er også ei bok som passar for både store og små. 

Red Sister (Book of the Ancestor) – Mark Lawrence

Bokomslag

Omslag: Ace Books

Magi, intrigar og ninja-nonner er oppskrifta på ein spanande og morosam serie av Mark Lawrence.

Red Sister handlar om Nona Grey si utdanning på eit kloster der nonner frå forskjellige klanar med magiske krefter blir trente i ei av fire retningar av magi.

Etter ein oppvekst som slave blir ho redda frå å bli avretta og tatt inn av nonneordenen. Her blir ho vikla inn i ein profeti og ho må stele tilbake noko som blei stelt frå klosteret.

Boka er ei blanding av skuledrama, vakker og unik skildring av magi og spenningsroman. The Book of the Ancestor er ein heilt unik serie eg ikkje har lese maken til. Ein elegant miks av fantasy og sci-fi på ein planet tett på klima-kollaps. Både denne serien og andre seriar av Mark Lawrence kan anbefalast for eit frisk pust frå fantasy-tropar.

House of Earth and Blood (Crescent City) – Sarah J. Maas

Bokomslag syner ein ulv.

Omslag: BLOOMSBURY PUBLISHING PLC

Viss du vil ha noko hot å lese i sommar er House of Earth and Blood av Sarah J. Maas boka for deg. Det er ein urban fantasyserie om englar og andre overnaturlege vesen i den magiske storbyen Crescent City.

Hovudpersonen Bryce er halvt fe, halvt menneske og må saman med den motvillige falne engelen Hunt løyse eit mordmysterium som viser seg å vere mykje meir komplisert enn dei først trudde.

Blant varulvklanar, marar, magikarar, englar og demonar må Bryce, Hunt og venane deira navigere politiske intrigar, komplott og romanse.

Boka er ganske steamy og eksplisitt og passar ikkje for yngre lesarar.


Heiderleg omtale

American Gods Neil Gaiman

Bokomslag

Omslag: SD Books

Ikkje alle vil vere samde i at Neil Gaimans American Gods er fantasy. Ho skil seg i alle fall ut frå dei andre bøkene ved at ho er sett i moderne USA. Eg vil likevel nemne den her, då det er ei utmerkt bok av ein ikonisk forfattar, som alle fantasy-entusiastar burde lese.

Boka handlar om gudar og mytiske vesen som blei tatt med til USA då kolonistar byrja å flytte dit på 17- og 1800-talet.

Gudane har mista røtene sine og blitt endra av å leve i eit land der dei fleste har mista trua på dei. Ein møter gudar frå mytologiar og religionar frå heile verda, til dømes Anansi, Anubis, Loke og Dronninga av Sheeba.

Etter å ha sona i fengsel blir hovudpersonen Shadow tilsett av den mystiske Mr. Wednesday. Slik blir han innvikla i ein komplisert maktkamp mellom dei gamle og dei nye gudane, mellom anna Technical Boy, Media og Mr. World. Samstundes leitar Shadow etter si døde kone og prøver å løyse mysteriet rundt Wednesday og kvifor han tilsette Shadow.

American Gods har også blitt ein tv-serie som kan anbefalast på det sterkaste. 

  • Boka er omsett til norsk med tittelen «Amerikanske guder».