Treng du nytt pass? – Bestill time no
Over 300 000 nordmenn hadde pass som gjekk ut på dato i 2023. Politiet oppmodar folk til å bestille time i god tid før dei skal reise.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Akkurat no har alle dei ti passkontora i Vest politidistrikt ledig kapasitet. Det kjem ikkje til å vare lenge, seier seksjonssjef Kristi Fürstenberg.
– Eg hadde venta at det allereie hadde byrja å tette seg til, men per i dag har alle dei ti passkontora i Vest politidistrikt ledig kapasitet. Hjå dei fleste vil det difor vere mogleg å få time innan ei veke.
– Om passøknaden ikkje krev utvida sakshandsaming, bør passet vere klart innan halvanna veke, seier seksjonssjef i Vest Politidistrikt, Kristi Fürstenberg, til Nynorsk pressekontor.
Ifølgje politiet var det i januar over 300 000 nordmenn som hadde pass som gjekk ut på dato i 2023. Det betyr at det potensielt er mange som kan få det bråtravelt før dei skal på ferie.
Nye reglar
Fürstenberg minner også om dei nye reglane for utsteding av pass, og tilrår å sjekke passa til heile familien om ein planlegg utanlandstur:
– Om du sjølv treng nytt pass, må du ta med deg det gamle passet til timen. Skal barn ha nytt pass, må du ha med ditt eige pass eller nasjonalt ID-kort for å kunne gje samtykke for passøknad til barnet, seier Fürstenberg.
Ifølgje reglane må begge føresette no møte opp personleg på eit passkontor for å gje samtykke til søknad om pass til barnet, men dei treng ikkje møte til same tid eller på same passkontor. Det kan uansett krevje litt ekstra tid og planlegging. Mange raude maidagar gjer det også ekstra viktig å vere tidleg ute med å sikre seg time, slik ein får passet i rett tid.
– Jo meir vi nærmar oss sommarferien, jo lengre blir ofte køane. Eg vil difor oppmode alle som treng nytt pass om å bestille time no medan det framleis er ledig kapasitet, seier Fürstenberg til NPK.