Ein av dei mest omsette songane i verda eksisterer sjølvsagt også på nynorsk.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Heile songteksten på nynorsk er nedst i saka.
I Noreg er 1. mai ein fridag, og arbeidaranes internasjonale kampdag blir markert over heile landet. Mange byar har tog der fagforeiningar og andre organisasjonar marsjerer med parolar og slagord som illustrerer kva dei meiner er dei viktigaste kampsakene for arbeidarar i år.
Dersom du har vore på ei slik markering, har du truleg også vore med å synge songen Internasjonalen.
Om du ikkje hugsar dette heilt, så er dei fyrste linjene i songen som vanlegvis blir brukt: Opp, alle jordens bundne trelle. / Opp, I som sulten knuget har. / Nu drønner det av rettens velde: / Til siste kamp der gjøres klar.
Ein skikkeleg kampsong altså. Men visste du at det eksisterer ein versjon av Internasjonalen på nynorsk?
Ein internasjonal tekst
Fyrst, kva er det med Internasjonalen?
– Internasjonalen er ein song som knyt folk saman i kraft av at han er så godt kjent. Når alle syng han i lag på 1. mai, er den vidstrakte arbeidarrørsla foreina med ei stemme, og det synest eg er utruleg fint.
Det skriv Erlend Myklebust frå Sosialistisk Kor i Oslo til Framtida. Sosialistisk kor i Oslo er nokre av dei som sørgjer for at det ikkje blir altfor surt når den samla folkemengda på Youngstorget stemmer i på 1. mai.
Med-korist Håkon Brimsø legg til:
– Eg liker å tru at Internasjonalen kan syngast i arbeid og fest, så vel som i protest. Ein song med meining blir aldri gammal, og eg synest at teksten er minst like aktuell i vår som då han vart skriven.
Songen vart skriven i 1871 av franskmannen Eugène Edine Pottier, og er no truleg den meste kjende songen innan arbeidarrørsla. Originalteksten L’Internationale er, som venta, på fransk, men det eksisterer hundrevis av omsetjingar. To av dei er norske.
Meir slagkraft
Journalisten Olav Kringen sto bak den fyrste omsetjinga, til bokmål, i 1904. Det er denne versjonen som er mest kjend på norsk. I 1929 kom forfattar, skulelærar og politikar Ole Martinus Høgåsen ut med si eiga nynorske omsetjing av songen i boka Kolbein sterke og andre kvæde.
Og det er nokre skilnadar i omsetjingane.
– Eg synest vel det at nynorsk-versjonen er hakket kvassare, skriv Håkon.
Han viser blant anna til femte verslinje, som i bokmålsversjonen er «Alt det gamle vi med jorden jevner».
– Ein kjem ikkje vekk ifrå at verslinjer som «Rått og rote opp med rot vi river» gjev teksten litt meir slagkraft samanlikna med bokmålsversjonen.
Erlend seier seg samd i Håkon sin observasjon.
– Nynorskversjonen vinn fram reint lyrisk og politisk. Diverre trur eg at det vil ta nokre år før teksten til Ole Martinus Høgåsen vil vere standard i songbøkene, men me får håpe at tida snart mognast!
Internasjonalen i nynorsk drakt
Av Ole Martinus Høgåsen, opphaveleg i Kolbein sterke og andre kvæde, 1929.
Opp, trælar alle no kring jorda!
Opp, de som låg i naud og svolt!
Som elding lyser rettferdsorda,
det brest i band og slavebolt!
Rått og råte opp med rot vi river.
Opp træler, no or naud og skam.
Kring merkestonga tak vi triver:
Fram kamerat! Til fridom fram!
Ref:
Til samling då på valen!
Siger veit vi, at vi får!
Og Internasjonalen
skal få sin folkevår!
Av herremenn vi inkje ventar,
vi visst alt for lenge leit på deim.
Vi sjølv i samla fylking hentar
oss fred og frelse, fridom heim.
Mot røvarane rett vi reiser,
og ljos vi krev for viv og born.
Med eigen hamar vi no sveisar
og sleggar ut dei varme jarn.
Ref.
Imot oss staten lover smider,
av bører blir vi bøygt i kne.
Men rikingen har gode tider,
og plikt han kjenner aldri til.
Alt for lenge låg vi trødd og trampa.
No slær vi slag mot ran og rov!
Vi rettar rygg som før var trampa,
-og så skriv vi vårt samfunns lov.
Ref.
Arbeidar! Bonde! Inn i laget!
I samla flokk vi siger får!
Mot sjølve lygna slær vi slaget,
til krig mot krigen sjølv vi går!
Bryt børsa av!, riv slavebandet!
Kom kamerat, ei tid er nær:
Ein sommar susar inn mot landet,
og vi, vi sjølve våren er.
Ref.
Arbeidar! Bonde! Støde, sterke
vi stemnar fram – om det gjekk seint!
I brodden blakrar – sjå! – vårt merke:
det manar oss så raudt og reint.
Vi samla slær all urett ned,
og fengselsmørket, mordarstålet
gir rom for broderskap og fred!
Refx2:
Til samling då på valen!
Siger veit vi, at vi får!
Og Internasjonalen
skal få sin folkevår!